NRK Meny
Normal

Pengane strøymer inn

Hjelpa strøymer inn til foreininga LEVE i Sogn og Fjordane, etter at det blei kjent at sorggruppa måtte leggast ned på grunn av pengemangel.

Nils-Petter Hauge

GLAD FOR STØTTE: Nils-Petter Hauge er styremedlem i LEVE i Sogn og Fjordane.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Saka har treft noko som engasjerer folk, seier Nils-Petter Hauge, som er styremedlem i LEVE i Sogn og Fjordane.

Tysdag fortalde NRK at støtteforeininga for pårørande etter sjølvmord ikkje fekk innvilga ein søknad på 15 000 kroner, og dermed må leggje ned.

Men det ville ikkje folk godta. I Stryn tok både privatpersonar og organisasjonar initiativ til ein privat innsamlingsaksjon for å kunne gje LEVE den støtta dei treng for å drifte sorggruppene her i fylket.

Har fått inn 60 000 kroner

Tre dagar seinare har det allereie kome inn om lag 60 000 kroner fortel styremedlem Nils-Petter Hauge i LEVE i Sogn og Fjordane. Han er overvelda over responsen

– Eg trur dette handlar om mykje meir enn berre pengar for folk. Det syner og at folk engasjerer seg og fok bryr seg om dei etterlatne sin situasjon. Folk flest ynskjer å hjelpe, men samfunnet må på ein måte legge til rette for at det kan skje.

– No blir det sorggruppe

Organisasjonen LEVE vart etablert i 1999 og er ein frivillig organisasjon som har som mål å sikre omsorg og støtte til etterlatne ved sjølvmord, samt førebyggje og redusere talet på sjølvmord og sjølvmordsforsøk.

Nils-Petter Hauge i LEVE i Sogn og Fjordane er svært takksam overfor alle som har stilt opp for å samle inn pengar til organisasjonen.

– Eg kan i alle fall seie at no blir det sorggruppe i Sogn og Fjordane. I tillegg får vi no og sett i gang tiltak retta mot ungdom som vi aldri hadde fått sett i gang, utan pengane som no har kome inn.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser