Hopp til innhold

– Aldri meir Tyrkia, sa ho. Eitt år etter pendla ho og mannen mellom Dale og Istanbul

Sommaren 2011 var Berit Steien Haugen og mannen Stein Haugen innom Tyrkia på ferie. Etter det opphaldet sa Berit: «Eg skal aldri tilbake til Tyrkia». Men ikkje lenge etterpå pendla dei mellom heimstaden Dale og Istanbul.

Berit Steien Haugen

HEIME PÅ BJERGA: Berit Steien Haugen med utsyn mot Dalsfjordbrua.

Foto: Marianne Furevikstrand / Bygdeavisene

Paret var på cruise i Middelhavet sommaren for snart tre år sidan, mellom anna var dei innom Tyrkia. Og det gav ikkje meirsmak, skriv Bygdeavisene .

– Tyrkia viste seg frå si verste side med altfor pågåande seljarar, utspekulerte taxisjåførar og guidar, fortel Berit til avisa.

Og om ikkje det skulle vere nok, så var også vêret elendig.

Tre år seinare har dei eit heilt anna bilete av Tyrkia. For i vel to år har dei pendla mellom heimen på Bjerga i Dale og Istanbul. Stein Haugen er prosjektleiar for bygging av ein fiskebåt og har og oppsyn med bygging av ein annan fiskebåt og ein brønnbåt ved to ulike verft i Tyrkia.

(Artikkelen held fram under biletet).

Istanbul

KONTRAST TIL DALE: Istanbul, der ekteparet Steien/Haugen har vore mykje dei siste to åra.

Foto: Karina Jørgensen / NRK

– Tyrkarane svært trivelege

Og det var han som måtte ta jobben med å overtyde Berit om at det gjekk an å bu i periodar i Istanbul.

– Ho sa nei, men så fekk eg overtalt ho etter kvart, seier han til Bygdeavisene.

Det enda med at ho vart med han og jobba med ulike arbeidsoppgåver knytte til bygginga av båtane. Og begge har fått endra oppfatninga si av Tyrkia og tyrkarar.

– Tyrkarane er svært trivelege, dei er ærlege og hjelpsame, seier Stein.

– Og klimaet er eit stort pluss med 28 til 33 grader i perioden juni til oktober, seier Berit.

Derimot kan det vere kaldt om vinteren.

– Det er Dale som er heime

Men så veldig mykje tid til å oppleve landet har dei ikkje fått. For i Tyrkia er det jobbing frå klokka åtte til 17 seks dagar i veka, seier Stein.

– Det er ikkje så mykje vi har vore med på sidan vi jobbar så mange og lange dagar. Vi er litt flinkare når Berit er her, elles blir det mest jobbing og soving.

Fram til 1. mars i år leigde dei eit hus attmed ein av reiarane frå Austevoll, og då var det sosialt og triveleg. No bur Stein på hotell, medan Berit den siste tida har vore heime i Dale.

Stein budde i Tyrkia i 330 dagar i 2013. Og sjølv om han trivst godt der er det Dale som er heime, og han ser fram til å få meir tid ved Dalsfjorden når dei båtane han har ansvaret for er leverte til reiarane.

Og det blir norsk påske for begge to, skriv Bygdeavisene.