Hopp til innhold

– Me er glade for å sleppe å leve i uvisse

FJELLBYGDA, SANDANE (NRK): Medan pelsdyroppdrettarane i Rogaland rasar, er Fjordane pelsdyrlag letta over regjeringsmeldinga.

Håkon Lundestad

LETTA: Håkon Lundestad er letta over å endeleg få svar frå Regjeringa.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg gler meg over at me no har fått ei avklaring, seier Håkon Lundestad, leiar i Fjordane Pelsdyralslag.

I dag kom regjeringa si melding om at det framleis blir mogleg å drive pelsdyroppdrett i Noreg, men med strengare reglar for dyrehaldet. Lundestad frykta å få beskjed om å leggje ned.

Rev

HELD FRAM: Dette er ikkje ei utdatert næring, meiner Regjeringa.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Men medan Sogn og Fjordane er letta, rasar bønder i Rogaland.

– Dette er ei katastrofe, fortel pelsdyrbonde Kjell Hodne på Kleppe på Jæren til NRK Hordaland.

I Sogn og Fjordane er det mellom ti og tolv pelsdyroppdrettarar att, og dei fleste har det som ei ekstrainntekt i tillegg til gardsdrift.

Ikkje nøgd med alt

– Me kan innrette oss etter dei fleste nye retningslinjene, men det er og visse ting ein bør prøve å forandre, seier Lundestad.

Regjeringa legg mellom anna fram krav om ny golvnetting i bura til mink og rev. Lundestad meiner dette kravet bør påleggjast alle nye bur, men ikkje påverke dagens gardar.

Rev

NETTINGGOLV: Denne reven står på til no godkjend nettinggolv. Regjeringa ynskjer finmaska netting med plastdekke.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg er redd for at mange kan kjenne på dei nye tiltaka som ei belastning, og kan velje å leggje ned i staden for å skifte netting, seier Lundestad.

Jon Georg Dale

NYE KRAV: Landbruksminister Jon Georg Dale stiller nye krav til pelsdyrnæringa.

Foto: Erik Waage

– Me fører meir kontroll med pelsdyrhald enn andre delar av landbruket, fordi risikoen har synt seg å vere større, seier landbruksminister Jon Georg Dale.

Stor motstand

Pelsdyrnæringa har lenge møtt sterk motstand frå forskjellige aktivistgrupper og kritiske blikk frå samfunnet.

– Det har vore sagt mykje usaklege ting som er heilt urett, seier Lundestad.

Er det nokon som bryr seg om dyra, så er det oss.

Håkon Lundestad

Lærer om pelsdyr

På Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde har dei eiga avdeling for pelsdyrhald. Blant elevane i år er Steffen Fjellestad og Sander Solheim, begge er positive til pelsdyroppdrett, og ser ikkje bort frå at dei sjølv vil jobbe med det i framtida.

– Eg er positiv til pelsdyr, men er førebels litt usikker på om eg sjølv kjem til å satse på det. Men eg kjem frå ein gard der vi har drive med pelsdyr, og så får tida vise om eg sjølv og kjem til å byrje med det, seier Kvellestad.

Steffen Fjellestad og Sander Solheim

LÆRER OM PELSDYRHALD: Steffen Fjellestad og Sander Solheim er elevar ved Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Medelev Sander Solheim kjem ikkje frå pelsgard sjølv, og har ikkje dermed heller ikkje så sterkt tilknyting til næringa. Men sjølv er han positiv.

– Det er ei fin produksjonsform, og ein viktig del av landbruket, seier Solheim.

– Og så er det ei fin attåtnæring for gardane, og det er viktig å ta vare på dei arbeidsplassane vi kan i distrikta, seier Kvellestad.

Meldinga frå regjeringa er no sendt til Stortinget for behandling.