Hopp til innhold

– Ho vil altså ha oss til å byrje å dyrke ein plante som er forstadiet til eit narkotisk stoff

Venstre-topp Guri Melby meiner at pelsdyrbønder og andre bønder som må omstille seg kan byte ut rev og mink med cannabisdyrking. Eit tarveleg forslag, meiner mangeårig pelsdyroppdrettar.

Nils Magne Gjengedal og Guri Melby

OPPGITT: Nils Magne Gjengedal meiner at stortingsrepresentant Guri Melby ikkje forstår kva pelsdyrbøndene har å slite med etter nedleggingsforslaget. Cannabisproduksjon er uaktuelt, meiner Gjengedal.

Foto: NRK / Scanpix

– Eg blir både fortvila og trist opp i det heile når eg tenkjer på at politikarar som sit på det norske storting skal vere så tarvelege. Eg ser det rett og slett som eit hån mot pelsdyroppdrettaren som har fått så mykje hets tidlegare, seier Nils Magne Gjengedal til NRK.

Han har blant anna vore fast inseminør for pelsdyrnæringa i 35 år og blei for få dagar sidan heidra for sin innsats. Då han leste om utspelet frå stortingsrepresentant Guri Melby frå Venstre, fekk han kaffien i halsen.

– Ho vil altså ha oss til å byrje å dyrke ein plante som er forstadiet til eit narkotisk stoff som meg bekjent er ulovleg å bruke i Noreg, seier Gjengedal.

Pelsdyr

FRÅ REV TIL REV: Utstilling av revepels under årsmøtet til Østlandske pelsdyralslag i Brumunddal i februar. No vil Venstre-topp byte reven ut med cannabis.

Foto: Dag Kessel / NRK

– Mogleg næringsveg

Til TV2 seier Guri Melby at ho meiner at bøndene må tenke nytt sidan regjeringa i fjor fremja forslag om forbod mot pelsdyroppdrett.

– Dei bøndene som i dag brukar arbeidstida si og eigedomen sin på pelsdyrnæringa treng noko nytt å gjere. Vi har sett av pengar til omstillingsmiddel til bøndene, og då kan dei vurdere om det å dyrke cannabis til medisinsk bruk kan vere ein mogleg næringsveg, seier Melby til TV2.

Men måndag kveld er det ein langt meir diplomatisk Melby NRK får i tale. Ho seier ho fekk spørsmålom medisinsk cannabis burde ha vore tillate å dyrke i Noreg, sidan det er eit lovleg produkt.

– Då svarte eg at det er noko vi bør vurdere, i staden for å importere frå Danmark og Nederland slik vi gjer i dag. Når det gjeld pelsdyrbønder så er eg opptatt av at dei sjølv må få bestemme kva dei skal gjere den dagen det blir eit forbod mot pelsdyravl. Eg har ikkje tenkt å leggje meg opp i kva næring dei då omstiller seg til, seier Melby.

Melby møter fast på Stortinget som vara for Trine Skei Grande og sit i partiet sitt sentralstyre.

Men utspelet og sitatet på TV2.no vekkjer merksemd også i hennar eige parti. Den populære Venstre-ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo, er ein av dei som ikkje har trua på at bøndene skal gå frå å oppdrette rev til å ta seg ein rev.

– Det blir heilt feil å sitte på Stortinget å føreslå kva ein bonde på Vestlandet skal dyrke, seier Bjørlo til Nationen.

– Blir trist og lei meg

NRK har i dag vore i kontakt med ei rekkje tidlegare og noverande pelsdyroppdrettarar. Dei er alle samstemte i at forslaget frå Melby er heilt uaktuelt, uansett om det er medisinsk cannabis det er snakk om.

– Eg blir både trist og lei meg av slike utspel, seier Nils Magne Gjengedal.

Stortinget vil mest truleg vedta eit forbod mot pelsdyroppdrett i løpet av våren og næringa blir tilført midlar til omstilling til andre måtar å drive på. I 2025 skal alle pelsdyrfarmane i Noreg vere historie.