Hopp til innhold

Pelsdyrbonde fryktar han må selje huset

– Alt er usikkert. Du veit ikkje noko som helst. Det einaste du veit er at du må slutte innan 2025, seier pelsdyrbonde Atle Roger Evebø. No får han støtte frå Venstre-politikar.

Pelsdyrbønder demonstrerte i Gloppen då Erna Solberg kom på besøk. Atle Roger Evebø (i midten) og Nils-Magne Gjengedal.

PROTESTERTE: Statsminister Erna Solberg møtte rasande pelsdyrbønder. Atle Roger Evebø i midten.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

Evebø har protestert ved Stortinget. Møtt statsminister Erna Solberg med pelsjakke og plakatar. No ser pelsdyrbonden at slaget er tapt.

Tilbake på garden i Gloppen sit han med fleire spørsmål enn svar etter Stortinget sitt vedtak på torsdag.

– Vedtaket er vagt. Vi veit ingenting om det økonomiske før politikarane er ferdige med kompensasjonsordninga. Det gjer at ein ikkje får planlagt noko som helst, seier han.

Det er ingen tvil om at pelsdyra må vekk og at Evebø må finne anna arbeid. Spørsmålet om økonomien gneg.

Bonden fryktar han vil sitje att med så mykje gjeld at han må selje huset for å rydde og sanere pelsdyrfarmen.

– Det er heilt bak mål, seier Evebø.

Stortinget vedtok ei kompensasjonsordning som tek utgangspunkt i bokført verdi av gardsdrifta.

– Det er berre politikarane på Stortinget som synest det er ein god kompensasjon, seier Evebø.

– Ikkje vinnarsak for Venstre

I same kommune sit leiaren for Gloppen Venstre. Både lokallaget og fylkeslaget sa nei til eit forbod.

– Dette er ikkje ei vinnarsak for Venstre. Eg skulle helst sett at Venstre ikkje fronta denne saka. Vi bur midt i eit distrikt med mange pelsdyrbønder, så eg har respekt for at dei er uroa, seier Bjarte Gangeskar.

Hans eige parti fekk gjennom forslaget om forbod. No har Venstre-politikaren stor sympati med pelsdyrbøndene.

– Det bør vere eit krav om å gje nok kompensasjon. Ein bonde som mister inntekta kan ikkje sitje att med gjeld for å legge ned drifta.

Bjarte Gangeskar

IKKJE VINNARSAK: Leiaren for Gloppen Venstre, Bjarte Gangeskar, skulle helst sett at Venstre ikkje fronta saka om å legge ned pelsdyrnæringa.

Foto: Silje Guddal / NRK

Medan lokalpolitikarar og pelsdyrbønder ser mørkt på avgjerda, kan Dyrevernalliansen juble.

– Det er ein siger for dyrevelferda og folkeviljen, skriv Dyrevernalliansen i ei pressemelding.