NRK Meny
Normal

Pelsdyrbande blir stilt for retten

Tre litauiske menn blir stilte for retten etter omfattande tjuveri av pelsdyr, mellom anna frå ein pelsdyrfram i Gloppen. Politiet meiner eit organisert kriminelt nettverk står bak.

Pels

Tre menn frå Litauen må møte i retten i Ålesund til haust mellom anna for å ha stelt pelsskinn frå ein gard i Gloppen i 2012 (Illustrasjonsbilete).

Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRK

Politiet på Sunnmøre har saman med Oslo Politidistrikt, Kripos og tenestemenn i Nordfjord og Gudbrandsdal i lengre tid etterforska fleire pelstjuveri på Nordvestlandet. Åtte grove tjuveri frå pelsfarmar tilbake til 2012 er etterforska, skriv Sunnmørsposten.

Stal skinn i Gloppen

Eit av tjuveria stammar frå februar 2012, då det vart stole 500 reveskinn frå ein pelsform i Gloppen. Etterforskingsleiar Grete Hjelle ved Sunnmøre politidistrikt fortel at tre litauiske menn er tiltalte for tjuveri av pelsdyrskinn.

– Det vil etter kvart bli fleire enn desse tre tiltalte, fortel Hjelle.

– Kor mange vil det bli?

– Det vil eg ikkje kome inn på no.

Kriminelt nettverk

Hjelle fortel at politiet har rulla opp eit kriminelt nettverk.

– Det var vore innbrot i pelsdyrfarmar både i 2012, 2013 og i fjor. Dei har hatt god kontroll på kva tid pelsdyra blir slakta og når skinna blir hengde opp til tørk. Dei same personane har stått bak og det heile har vore godt organisert, seier ho.

– Er de sikre på at det er dei aktuelle litauarane står bak tjuveriet av skinna i Gloppen i 2012?

– Vi er sikre på at vi har teke dei rette folka, seier Hjelle.

Pelsskinna som vart stolne i Gloppen er selde vidare på den illegale marknaden.

Væpna aksjon på Sunnmøre

I slutten av januar i år slo politiet til i ein væpna aksjon på Sunnmøre mot dei tre litauiske mennene som vart arresterte og sette i varetekt.

– Vi slo til mot mennene og arresterte dei. Det vart mellom anna beslaglagt våpen, fortel Hjelle.

Den eine mannen vart sett fri etter få veker, medan to menn i 20-åra vart sette fri frå varetekt no i mai. Begge desse skal i avhøyr ha vedgått at dei har vore blanda inn i saka. Ifølgje Sunnmørsposten stadfestar den eine mannen sin forsvarar dette.

Store pelsbeslag

Heime hos fleire av mennene skal politiet ha gjort fleire beslag av større mengder pelsskinn, skriv Sunnmørsposten.

Politiet meiner dette stammar mellom anna frå eit tjuveri på Lesja i Oppland.

Saka kjem opp for retten i Ålesund til hausten.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast