NRK Meny

Pelletskonflikt på Håbakken

Planane om ein pelletsfabrikk med 30 arbeidsplassar skaper konflikt på Håbakken i Lærdal, skriv Sogn Avis. Det var porten.no som først fortalde om fabrikkplanane. Simas Næring AS ønskjer å ta av jordbruksland for å byggje fabrikken, men bonde Aud Sjøvold har ikkje lyst til å selje. No er stemninga amper, skriv Sogn Avis.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå