Pelagia satsar stort i Kalvåg

Fredagen vart betre enn venta, då dei tilsette ved Pelagia i Kalvåg fekk beskjed om at det blir investert mellom 12 og 15 millionar.

Pelagia Kalvåg

RUSTAR OPP FOR MILLIONAR: Her ved Pelagia sin fabrikk i Kalvåg blir det investert mellom 12 og 15 millionar i matjesproduksjon.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Matjesproduksjonen blir rusta opp og effektivisert. Det skal investerast mellom 12 og 15 millionar på nytt utstyr, seier Vivian Stephenson som er påtroppande fabrikksjef ved Pelagia Kalvåg.

Pelgaia satsar vidare i Kalvåg med investeringar i produksjonen av matjessild. Opprustinga skjer etter nyttår og fram mot juni 2017.

Selskapet har anlegg i Selje, Måløy, Kalvåg og Florø, men for kort tid sidan fekk tilsette i Florø beskjed om at fabrikken blir lagt ned. I ei usikker tid var beskjeden om millioninvesteringane tatt vel i mot på Pelagia i Kalvåg.

– Det er spennande tider. Folk er veldig opptatt av det som skjer i Florø, men vi har ikkje sett mørkt på noko her. Folk var godt nøgde med denne nyheita i dag, og vi gleder oss veldig, seier Stephenson.

– Store sko eg må fylle

Matjessild, Pelagia

MATJESSILD: Det er matjesildproduksjonen som no blir rusta opp og effektivisert i Kalvåg.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Nyheita om opprusting av matjesproduksjonen var ikkje den einaste dei tilsette i Kalvåg fekk nyss om i dag. Vivian Stephenson tek over stillinga som fabrikksjef, etter Per Røys.

– Det blir spennande. Eg har jobba her i Kalvåg i mange år, så det blir ein litt anna kvardag enn kva eg er vand med.

Stephenson er tidlegare formann og produksjonsleiar ved Pelagia, og tek stafettpinnen vidare etter Røys, som går over i ei anna stilling retta mot marknad, kundar og råstoff.

– Det er store sko eg må fylle. Eg har litt å gå på der, men det blir likevel kjekt, seier Stephenson.

Korleis ser du på framtida for fabrikken i Kalvåg?

– Det er ekstra spennande på grunn av investeringane. Vi ser lyst på framtida, avsluttar Stephenson.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.