Ei ekstraløyving frå utdanningskomiteen på Stortinget på 700.000 kroner gjer at Høgskulen i Sogn og Fjordane likevel ikkje legg ned avdelinga på Sandane. Men det er usikkert kva studietilbod avdelinga i Gloppen no skal romme. Det skal avgjerast på eit styremøte 19. desember.
Fram til no har avdelinga på Sandane romma desentralisert lærarutdanning, studium i spesialpedagogikk og musikkterapi - der sistnemnde skal flyttast til Bergen. Spørsmålet er kva studietilbod styret no vel å ha på Sandane.
Godt omdøme
Askildt forventar at spesialpedagogikk får fortsette. Ho viser til at det er eit populært studium med mange søkarar, og som har gode resultat og godt omdøme elles i landet.
Men dekan ved avdelinga på Sandane, Marit Helgheim, seier ho fryktar at pedagogikkstudiet blir nedprioritert til fordel for andre desentraliserte studium. Ho er ikkje trygg før styret har sagt sitt.