Stian Grimseth. Arkivfoto
Fem gonger har verdas beste vektløftarar sett kvarandre i stemne i Førdehuset tidleg på sommaren. Stian Grimseth har lokka dei til Sunnfjord med blant anna laksefiske, båtturar og mykje show til stor media-dekning.
Men i år vert det ingenting av det årvisse kjendistreffet. Stian Grimseth vil i staden konsentrere seg om å få fram nye vektløftar-talent i Tambarskjelvar.
- Ikkje gode nok
Stian Grimseth Cup har drege mellom 1000 og 1500 tilskodarar kvar gang. Men i dag er ingen av dei lokale løftarane av slikt format at dei vil lokke nok publikum til stemnet, meinar Grimseth. Men alt neste år trur han at fleire av løftarane i stallen til Tambarskjelvar, med Geir Grønnevik og Steinar Kvame i spissen, er gode nok til at cupen kan gjenoppstå.
Talentutviklar
Sjølv gjorde Stian Grimseth eit vellykka comeback i norgesmeisterskapen for lag før jul, og sjølv om lysta framleis er til stades for å prøve seg på podiet, er det først og fremst talentarbeidet som no er prioritert.
- Det er spennande å hjelpe til med å utvikle yngre løftarar i framgang og sjå dei setje personlege rekordar. Så lenge utøvarane ønskjer det, vil eg og finne tid til å vere med, seier den tidoble kongepokal-vinnaren.