Hopp til innhold

Patronen trur Sogndal har styrka sine sjansar

LA MANGA (NRK): Fire år etter at Hannu Patronen gjorde sin entre på Fosshaugane har Sogndal utvikla seg til ein meir profesjonell klubb, meiner finnen. Han trur det er noko laget vil tene på denne sesongen.

Hannu Patronen på La Manga

SJÅ VIDEO: Hannu Patronen har funne seg godt til rette i Sogndal saman med familien.

– Det er mykje stress å ligge i botnen heile tida. Eg håpar det endrar seg no, og at vi ligg i andre enden av tabellen no. Vi har utvikla oss godt som klubb, fått mange nye spelarar og andre klubbar har økonomiske problem, så eg trur vi har gode sjansar denne sesongen, seier Patronen.

Den finske landslagsspelaren kom til Sogndal i 2012 frå svenske Helsingborgs IF. I dei fire åra han har vore i klubben har han blitt ei særs sentral brikke i laget. Og med sine 32 år er han også av dei eldste på eit ungt lag.

– Eg er bevisst på at eg er ein av leiartypane, og skal gå føre med eit godt eksempel.

– Alle kjenner kvarandre

Hannu Patronen

TRIVST: Hannu Patronen har til no 95 kampar i Sogndalstrøya.

Foto: Steinar Lote / NRK

I 2015-sesongen scora forsvarsspelaren fire mål for dei svarte og kvite. Det er meir enn han har sett i mål dei tre føregåande sesongen for Sogndal samla. Det er ikkje berre på bana finnen har funne seg til rette, og i saftbygda har han og familien funne sin plass.

– Det er veldig bra miljø i Sogndal, og med to døtrer så er det også viktig. Folk er hyggelege her, og det er litt annleis å bu her enn i ein storby der folk ikkje kjenner kvarandre. Her kjenner ein nesten alle, fortel han.