Hopp til innhold

Hannu Patronen klar for Sogndal

Den finske midtstopparen Hannu Patronen (27) har signert ei toårskontrakt med Sogndal. Dermed er ei ny klippe på plass i forsvarsrekkja til Sogndal.

Hannu Patronen

GLER SEG: - Eg ser fram til å komma til Sogndal, seier Patronen til sogndalfotball.no. Han er for tida på landslagssamling i Trinidad/Tobago med det finske landslaget.

Foto: Rune Sjøberg

– Klubben og Hannu er samde om ei avtale, og Hannu har signert for Sogndal. Det er vi veldig, veldig glade for. Han er ein utruleg spennande spelar og ein fantastisk fin gut, seier assistenttrenar i Sogndal fotball, Håvard Flo.

Patronen har dei siste åra spelt i svenske Helsingborgs IF der han har spelt 44 kampar i Allsvenskan og notert seg for to scoringar.

Klubben vart i fjor historisk då dei vann både Allsvenskan, Supercupen og den svenske cupen. Patronen si kontrakt med den svenske trippelmeisteren gjekk ut etter 2011-sesongen.

Ser fram til å starte samarbeidet

Patronen var med A-laget under Vestlandsmeisterskapen i Bergen for knappe to verker sidan. Han spelte begge kampane, både mot Haugesund og Sandnes Ulf, og gjorde ein god figur.

– Vi er svært tilfredse og gler oss til å byrje å jobbe med han, men han er ikkje speleberettiga endå, i og med at papira ikkje har gått til forbundet endå, seier Flo.

Avtalen vart signert tysdag. Akkurat no er Patronen på landslagssamling med Finland i Trinidad/Tobago.

Kan vere på plass i månadsskiftet

– Han er venta tilbake til Sverige i slutten av månaden. Når han har komme seg tilbake der, kjem han rett til Sogndal. Eg reknar med at han er på plass her rundt månadsskiftet, seier Flo.

Det skal ikkje ha vore krevjande å verte samde med korkje spelar eller Helsingborg om ei avtale.

– Det har gått veldig fint. Det har vore ein ryddig prosess, men det har vore litt logistikkproblem i og med at Hannu er på landslagsoppdrag. Det er også difor vi har vore noko tilbakehaldne med informasjon, seier Flo.

Er i dialog med fleire om forlenging

Pengesummar vil ikkje Flo snakke om.

– Økonomi går eg aldri ut med. Det er prinsipielt. Men Hannu var Bosman-spelar i Sverige, så vi slapp å kjøpe han fri, seier Flo.

Det er førebels ikkje andre spelarar på veg korkje til eller frå laget i Sognabygdi.

– Vi jobbar jo kontinuerleg med spelarstallen vår, og det er klart at vi har spelarar i troppen vår som vi er i dialog med i forhold til forlenging. Men det er ingenting konkret akkurat no, seier Flo.