Hopp til innhold

Patronen håpar på landslagsplass

Hannu Patronen har gjort sitt for å halde Sogndal i tabelltoppen. No håpar finnen at han etter kvart kan spele seg til ein plass på det finske landslaget.

Hannu Patronen

KJEMPE: Forsvarskjempa Hannu Patronen har vore viktig for å halde det tett bakover for Sogndal.

Foto: Rune Sjøberg

27-åringen får skryt av assistenttrenar Håvard Flo for å vere limet i forsvaret til klubben frå saftbygda.

Finnen har vore med i startellevaren i alle dei sju kampane til no, og sjølv er han godt nøgd med jobben han har gjort.

– Det har vore ein solid start på sesongen for min del. Vi har gjort det ganske bra så langt, seier Patronen.

Landslaget freistar

Og den solide innsatsen kan etter kvart bere frukter i form av ein plass på landslaget. Mot slutten av mai skal det finske landslaget i dyst, og sjølv om Patronen ikkje har høyrt noko enno, håpar han at han etter kvart kan vere å sjå på laget.

– Eg tenkjer ikkje så masse på det no. Eg er berre glad eg kan spele 90 minutt i kvar kamp for Sogndal, men kanskje seinare, seier han til NRK.no.

– Trur du at du er god nok for landslaget?

– Det er mange andre gode, så kanskje eg må spele bra i nokre kampar til, seier han vidare.

Tøff motstand

Patronen kom til Sogndal frå Helsinborg I.F. i vinter og har vore med å halde det tett bakover. Berre fem ballar har sleppt forbi Sogndal-forsvaret og keeper Kenneth Udjus så langt. Tre av dei kom i kampen mot Strømsgodset søndag.

Strømsgodset sin Peter Kovacs var blant dei som var farlege framfor mål og Patronen hadde sitt fulle hyre med å hindre han i å sette ballen i nettet.

– Han er ein god spelar, sterk og rask. Eg vart litt overraska over hurtigheita hans, så det var ein tøff jobb, seier Patronen om oppgjeret som Sogndal til slutt tapte 3–0.

(Artikkelen held fram under biletet)

Håvard Flo

SKRYT: Assistenttrenar Håvard Flo meiner Patronen fortener ein plass på det finske landslaget.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Enormt viktig spelar

Men sjølv om det kanskje glapp litt for Sogndal mot Drammens-laget i sjuande runde er assistenttrenar Håvard Flo heilt klar på at Patronen har gjort ein solid jobb.

– Han er enormt viktig for Sogndal. Han er det gode bindeleddet i forsvarsfiraren vår, seier Flo til NRK.no.

Flo meiner det er fullt fortent dersom Patronen skulle vere aktuell for ein plass på det finske landslaget.

– Han er flink til å halde kustus på dei rundt seg. Han er ein god duellspelar og i tillegg har han tempo, seier han og legg til:

– Og så er han ein veldig fin type, ikkje minst.

– Dei held nok eit auge med meg

Sjølv vil ikkje Patronen leggje for mykje i håpet om ein plass på landslaget.

– Men du er klar for å gje dei andre kamp om plassen på landslaget?

– Ja, sjølvsagt. Eg har vore på b-laget, så dei veit kven eg er. Eg trur nok dei held eit auge med meg, så kanskje i framtida, seier Patronen.