Hopp til innhold

Politiet: Brukte tidsinnstilte loddeboltar for å tenne på sitt eige hotell

Politiet meiner at dei tre brørne brukte loddeboltar kopla til tidsur for å setje fyr på Selje hotel. Fleire av loddeboltane fungerte ikkje, og slik meiner politiet at dei har sikra seg fellande bevis mot brørne.

Brannen i Selje Hotell

STORBRANN: Brannmannskap framfor ruinane av Selje Hotel, dagen etter brannen i november i fjor.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

25. november i fjor vakna folk i Selje i Nordfjord til flammar frå det tradisjonsrike hotellet i bygda. Etter kort tid blei dagleg leiar, styreleiar og kjøkkensjefen for hotellet arresterte og sikta for brannen. Tre svenske brør som overtok hotellet i 2014.

No meiner påtalemakta at dei kan bevise utover rimeleg tvil at brørne sette fyr på hotellet, og at dei har brukt "MacGyver-metodar" for å utføre ugjerninga.

– Vi meiner at dei har brukt loddeboltar som er kopla opp mot eit tidsur, der ein har brennbart materiale i nærleiken av loddebolten. Når bolten har blitt tilført straum, har han blitt varm og tent på blant anna fyrstikker, seier statsadvokat Magne Nyborg til NRK.

Prøvde å skaffe seg alibi

Politiet meiner at dette er grunnen til at det tok fyr i romfløya på hotellet, medan innretningane ikkje fungerte andre stader, blant anna i matsalen.

– Ut frå dette meiner vi å kunne prove at det er gjort forsøk på å tenne på hotellet fleire stader samstundes, seier Nyborg.

Dei tre brørne skal også ha forsøkt å skaffe seg alibi for brannen ved å køyre bil frå Stockholm til Selje og tilbake igjen.

Medan dei var i Selje skal dei ha stilt tidsura på loddeboltane inn på eit døgn, slik at dei rakk å vere tilbake i Sverige før brannen starta.

– Vi meiner at vi kan spore bilen frå Stockholm til Selje og så heilt tilbake til Stockholm, seier Nyborg.

Omfattande økonomisk svindel

Brørne er også tiltalte for omfattande økonomisk utruskap og forsikringssvindel for fleire millionar kroner.

– Dette er ein særs alvorleg tiltale. Hadde ikkje brannen blitt oppdaga, og hadde ikkje desse branninnretningane blitt funne, så ville forsikringsselskapet måtte betalt ut opp mot 100 millionar kroner, seier statsadvokaten.

Det er sett av tre veker til rettssaka, som etter planen skal starte 18. september i Sogn og Fjordane tingrett. Påtalemakta vil føre over 20 vitne, i tillegg til sakkunnige.

NRK har vore i kontakt med forsvarar Morten Fureholmen, som var på ferie.

Forsvararane til brørne er Per Kjetil Stautland, Paul Inge Angelshaug og Morten Fureholmen. Dei har ikkje møtt sine klientar etter tiltalen blei tatt ut, og har derfor ingen kommentarar førebels, skriv Bergens Tidende .