– Det er slik at politiet meiner at det framleis er fare for øydelegging av bevis, derfor vil vi ha fire veker til, sa politiadvokat Magnus Engh Juel før rettsavgjerda i ettermiddag.
Retten meinte to var nok, og la til grunn at «ytterlegare to veker vil vera tilstrekkeleg til at politiet får gjennomført nye avhøyr av sikta og andre vitne i saka, og ved det redusere faren for øydelegging av prov tilstrekkeleg».
- Les også:
Utsett til måndag
Forsvararane til dei to sikta som i dag fekk forlenga varetekt til 10. februar, seier at deira klientar bad om å sleppe vidare fengsling.
– Som tidlegare i saka avviser min klient at han har noko som helst med denne brannen å gjera og aksepterer ikkje politiets krav om vidare fengsling, seier Per Kjetil Stautland, som er forsvarar for den daglege leiaren ved Selje hotell.
– Min klient har bedt om å bli lauslatt og det meiner eg er korrekt. Slik som saka står er det ikkje vilkåra for framleis fengsling oppfylt, seier forsvarar Paul Inge Angelshaug.
Også den tredje mistenkte skulle eigentleg ha fengslingsmøte i dag, men det vart av praktiske årsaker utsett til måndag.
Styreleiar på hotellet og ein av eigarane av hotellet er sikta. Den andre av eigaren er ikkje sikta. I tillegg er òg dagleg leiar sikta etter brannen. Dei er sikta for grovt skadeverk og grovt bedrageri, eller medverknad til det.
- Les også:
- Les også: