Hopp til innhold

Eks-sambuar ber riksadvokaten ta opp att saka mot tidlegare valdssikta politimann

Den påståtte familievalden som skal vere utført av ein politimann frå Sogn og Fjordane vil bli påklaga til riksadvokaten.

– Den fornærma har bestemt å påklage saka til riksadvokaten. Vi har eit møte i neste veke for å drøfte det vidare. Ho er overraska over at statsadvokaten har gått mot politiet her, skriv bistandsadvokat Jon Christian Elden i ein e-post til NRK.

Elden bistår kvinna som skuldar politimannen for å ha vore valdeleg mot henne.

I går melde Firda at statsadvokat Jogeir Nogva hadde lagt saka vekk på grunn av utilstrekkelege bevis.

Politimannen har vore under etterforsking sidan han vart meld i april i fjor. I førre månad innstilte politiadvokaten på at det skulle takast ut tiltale for brot på straffelova, paragraf 219, såkalla familievald.

Forsvarar for politimannen, Mette Yvonne Larsen, er ikkje overraska over at saka vil bli påklaga.

– Dette er ikkje overraskande. Det gjev oss også høve til å kommentere sakshandsaminga frå politiet si side. Politiet har mellom anna brukt altfor lang tid, noko som har vore svært belastande for politimannen, seier ho

Krev at han får jobben tilbake

Politimannen har vore suspendert sidan han vart sikta i saka. Larsen krev at han får byrje på jobb igjen så snart som råd.

- Når saka no er lagt bort av statsadvokaten, er den ingen grunn til at han ikkje skal tilbake på jobben, seier ho.

Mette Yvonne Larsen

Politimannen må få kome tilbake på jobb så snart som råd, krev forsvarar Mette Yvonne Larsen.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Larsen trur Riksadvokaten vil følgje statsadvokaten, slik at saka blir lagt endeleg bort.

– Når ein erfaren statsadvokat har lagt saka bort, blir eg ikkje overraska om riksadvokaten er samd, seier ho.

Vil krevje erstatning

Dersom også riksadvokaten legg saka bort, vil politimannen krevje erstatning for urettmessig straffeforfølging.

– Dette har kosta han mykje i form av problem med jobb, personlege belastningar i tillegg til betydelege utgifter til advokatar i sivile saker i kjølvatnet av dette. Når det får betydning for yrkesutøvinga, så kan det fort komme opp i store beløp, sa Larsen til NRK i går.

.