Det var i mai i fjor ubedne gjester tok seg inn i huset til ein eldre mann i Askvoll, medan han sjølv var på sykkeltur. Dei opna eit pengeskåp og fekk med seg ein stor pengesum. Summen var så stor at det overraska eigaren sjølv då politiet kunne levere tilbake 900.000 kroner.
Fem involverte
I alt fem personar var involvert i ranet. To av dei har tilstått tidlegare, og har alt fått såkalla tilsåingsdom. Den eine av dei vart dømd til fengsel i ti månader, den andre 11 månader, men av dette er tre månader på vilkår.
Dom 8. oktober
Dei tre som no er for retten, risikerer liknande straff dersom Sunnfjord tingrett fylgjer påstanden frå aktor Terje Gjertsen. Han meiner den eine av dei må sone i eitt år, men då er andre brotsverk og med i grunnlaget. Dei to andre har Gjertsen lagt ned påstand om ti månaders fengesl for.
Og den 8. oktober blir det kjent kva dom Sunnfjord tingrett meiner dei fortener.