Hopp til innhold

Påstand om fengsel på vilkår for bilføraren som køyrde på og drap rulleskiløpar

Aktor Katrine Trønsdal la ned påstand om fengsel på vilkår i 30 dagar og ei bot på 7000 kroner for bilføraren som 1. november 2012 køyrde på ein rulleskiløpar på riksveg 5 på Klavelandet i Flora.

Katrine Trønsdal

PÅSTAND OM BETINGA FENGSEL: Aktor Katrine Trønsdal fann ikkje grunnlag for fengsel utan vilkår.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Rettssaka vart avslutta i Fjordane tingrett torsdag. I prosedyren sin la aktor Trønsdal vekt på at det ikkje er snakk om grov aktløyse, og at det difor ikkje er grunnlag for fengsel utan vilkår.

Forsvarar Jan Nikolai Hvidsten la ned påstand om full frifinning. Han la vekt på at det var så mange usikre moment i saka at tvilen må kome tiltalte til gode. I tillegg meiner han at klienten hans ikkje kunne ha handla annleis enn han gjorde, og at saka i seg sjølv har vore ei så stor belastning at det er straff nok.

Det var om kvelden 1. november 2012 den tragiske ulukka skjedde. Ein 51 år gamal mann var ute på ein treningstur på rulleski og var på veg tilbake til Florø.

Den tiltalte bilføraren i 50-åra var på veg heim til Florø etter eit arbeidsoppdrag. På ei rett strekning med god vegstandard nådde han att rulleskiløparen, men såg han for seint og køyrde på han. Rulleskiløparen omkom på staden.

Fart på mellom 71 og vel 80 km/t

Det høyrer med til historia at Sogn og Fjordane politidistrikt ikkje innstilte på tiltale i saka, men Statsadvokaten i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane overprøvde dette og tok ut tiltale.

Bilføraren vart ikkje tiltalt etter den såkalla bildrapsparagrafen, paragraf 239, men etter paragraf 3 i vegtrafikklova som handlar om å vise aktsemd i trafikken.

I rettssaka torsdag synte sivilingeniør Erik Aanerud i firmaet Rekon AS korleis ulukka etter hans rekonstruksjonar hadde skjedd. Han konkluderte med at bilen til tiltalte hadde ein fart på mellom 71 og vel 80 km/t då rulleskiløparen vart treft.

Han sa at det var mange usikre faktorar i saka, men han meinte at bilføraren burde ha oppdaga rulleskiløparen på eit tidlegare tidspunkt. Rett før ulukka møtte den tiltalte ein kranbil og ein personbil, og omtrent då kollisjonen skjedde ein personbil til.

Erik Aanerud

- MANGE USIKRE FAKTORAR: Erik Aanerud i Rekon AS var sakkunnig i rettssaka.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Burde ha sett ned farten

Det var tørr vegbane og ikkje nedbør denne kvelden, men det var mørkt. Rulleskiløparen var utstyrt med refleksvest, men hadde ikkje eiga lyskjelde på seg. Ein del vitne har hevda at refleksvesten var vanskeleg å sjå, men testar etter ulukka har synt at den hadde like god effekt som ein ny vest.

Aktor Katrine Trønsdal meiner den tiltalte burde ha sett ned farten då han møtte kranbilen og personbilen og at det var aktlaust av han å ikkje gjere meir for å forvisse seg om at han hadde klar vegbane.

Ho la ned påstand om at bilføraren må dømmast til fengsel på vilkår i 30 dagar og ei bot på 7000 kroner. Mannen var utan førarkort i sju månader etter ulukka, og aktor meiner det ikkje er grunn til å inndra det utover det.

Jan Nikolai Hvidsten

PÅSTAND OM FRIFINNING: Forsvarar Jan Nikolai Hvidsten meiner hans klient har fått straff nok.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Var refleksvesten synleg?

Forsvarar Jan Nikolai Hvidsten meinte det ikkje var grunnlag for å dømme bilføraren. Han la ned påstand om at han måtte frifinnast, og at dersom han blir dømd ikkje bør få meir enn ei bot.

Hvidsten meiner det er mange tvilsspørsmål i saka, og at all tvilen må kome tiltalte til gode. Mellom anna meiner han at rulleskiløparen kan ha stått i hockey, dvs framoverbøygd i den slake unnabakken der ulukka skjedde.

Testar i etterkant har vist at når ein rulleskiløpar står i ei slik stilling er refleksvesten vanskeleg å sjå, og Hvidsten meiner dette momentet er svært sentralt.

Påstand om erstatning

Maria Kirkeeide Ravnå er bistandsadvokat for enka etter den omkomne og dei to sønene hennar. Ho la ned påstand om at den tiltalte må betale ei erstatning på 55.000 kroner til kvar av dei, dvs 165.000 kroner til saman.

Dette vart avvist av forsvarar Jan Nikolai Hvidsten. Han sa at det må vere vist grov aktløyse dersom det skal vere grunnlag for erstatning. Og bilføraren var ikkje tiltalt for grov aktløyse.

Dom i saka blir avsagt 24. januar. Fagdommar i saka er Ida Kristin Bøen, meddommarar er Magnus Harald Løvik og Eva Hove Sæterdal.