Hopp til innhold

Påstand om 60 dagar i fengsel for Hole

Aktor la onsdag ned påstand om at Bjarne Hole frå Byrkjelo må dømmast til 60 dagar i fengsel utan vilkår for å ha greve i eit freda kulturminneområde på eigedommen sin.

Rettssak Hole-kulturminne

OPP TIL DESSE: Fagdommar Kamilla Hessevik Paulsen (t.h. med lue) skal saman med meddommarane Tor Erik Liset og Kristine Sande avgjere om Bjarne Hole skal dømmast eller ikkje. I høgre biletkant sakshandsamar Berit Gjerland frå fylkeskommunen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Forsvararen, Edmund Bolstad, meiner klienten hans bør bli blankt frifunnen, fordi han meiner det kulturminnet det er snakk om er ikkje-eksisterande.

Fjordane tingrett har brukt to dagar på rettssaka, mellom anna med ei synfaring på Byrkjelo tysdag. Det har vore ført fire vitne, alle fire er tilsette i Kulturavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune, som melde Hole til politiet etter at dei oppdaga at han i 2015 hadde greve i eit område som er automatisk freda.

Cathrine Elisabeth Schjelderup

– SKULDIG: Aktor Cathrine Elisabeth Schjelderup.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bjarne Hole søkte i 2012 om å få utvide verksemda si, Hole Traktor & Maskin. Då vart det oppdaga at det var verdfulle kulturminne i området, og det vart innført ei automatisk freding av eit areal. Kulturmineområdet er på det næraste berre 60 cm frå bygningen frå 1980, og sikringssona går inn under bygningen..

– Saka er enkel

I prosedyren sin i dag sa aktor Cathrine Elisabeth Schjelderup at saka er enkel.

– Det er innlysande at tiltalte har sett i gang graving i sikringssona, og det er klart at han har vore kjend med kvar grensene for kulturminneområdet og sikringssona går. Dermed meiner vi han har handla med forsett.

Ho meiner at Bjarne Hole burde ha teke kontakt med fylkeskommunen då han i mai 2015 fann ut at han måtte grave ved husveggen for å unngå at vatn seiv inn i verkstaden.

Ho meiner lovbrotet er så alvorleg at ho la ned påstand om 60 dagar fengsel utan vilkår, pluss at Hole må betale sakskostnadene.

Etter graving i Byrkjelo er det mulig at eit kulturminne er skada

SYNFARING: Tysdag var retten på Byrkjelo for å sjå på området det er snakk om. Foto: David Kandal.

– Fanst ikkje noko kulturminne der

Forsvararen, Edmund Bolstad, var av ei heilt anna oppfatning. Han meiner at Bjarne Hole må frifinnast, ganske enkelt fordi han meiner det er sikkert at det ikkje fanst noko kulturminne å øydeleggje då Hole i 2015 grov ved bygningen sin.

Han grunngav det med at det alt i 1979 og 1980, då den eksisterande bygningen var reist, vart greve så langt ut frå husveggen og så djupt at alt som måtte ha vore der av kulturminne, no er borte vekk.

Edmund Bolstad

– IKKJE SKULDIG: Forsvarar Edmund Bolstad.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– 100 prosent sikkert

Bolstad synte til ei lovendring frå 2000, der det er opna for at retten kan overprøve ei avgjerd om automatisk freda kulturminne når det kan godtgjerast at det er meir enn 50 prosent sannsynleg at kulturminnet ikkje var automatisk freda.

– Her er det 100 prosent sikkert at det er feil, sa Bolstad i prosedyren sin.

Han viste til at det i tiltalen står at kulturminnet er delvis øydelagt.

– Dette er ikkje ført prov for, sa Bolstad.

No er det opp til fagdommar Kamilla Hessevik Paulsen og meddommarane Tor Erik Liset og Kristine Sande å felle dommen, som er venta måndag 22. mai.