NRK Meny
Normal

Pass opp! Hundedagane er i gang

No er den tida der døde kroppar kan syne seg i vatnet, maten i kjøleskåpet rotnar og ein kan vite korleis vêret blir i næraste framtid. I alle fall om ein skal høyre på gamal folketru.

Hunden Leon

HUNDEDAGAR: Hundedagane er ei periode der mellom anna hundar kan bli galne. Andre teoriar er at mat rotnar og sår ikkje vil gro.

Foto: Privat

– Det finst eit vell av førestillingar om kva som kan skje i denne perioden. Desse teoriane har festa seg godt i folkeleg tradisjon, seier avdelingsdirektør Gunnhild Systad på Sunnfjord museum.

Hundedagane starta 23. juli og varar heilt til 23. august, og i denne perioden skal det visstnok kunne skje ei rekke mystiske ting.

Systad seier omgrepet, hundedagane, stammar frå Egypt og stjerna Sirius, som blir kalla hundestjerna. Men nokre stader i landet og i Sverige, blir perioden kalla rotemånaden.

Rote, galskap og dårleg vekst

I denne perioden kan hundar bli galne og vanskelege å halde styr på. Ein teori er at lik plutseleg kan vise seg på vassoverflater. Sår vil ikkje gro denne tida, og planter vil ikkje slå rot.

– Mange av teoriane knyter seg ofte til vatnet og kysten. Mellom anna seier ein at fisk ein dreg opp i hundedagane er rotne og ikkje til å ete, seier Systad.

Roten mat er ein gjengangar. Sjølv om ein i dag har maten sin i både kjøleskåp og frysarar, meiner mange at maten rotnar mykje raskare mellom 23. juli og august.

Ost med mugg

MUGG: Mange meiner maten rotnar raskare i hundedagane.

Foto: Alan Levine

– Går ein ut å spør folk om dette med mat, vil ein heilt sikkert få forteljingar om folk som har opplevd at maten deira blir forderva, seier Systad.

Det blir også sagt at det ikkje nyttar å prøve å piske krem i denne perioden, for du vil ikkje kunne få den stiv.

– Det høyrer eg i alle fall sjølv kvar år. Men eg har piska krem i hundedagane altså, seier Systad

Ein kan føreseie vêrvarselet

Ulike teoriar svermar kring dette med vêret. Korleis vêret var den 23. juli, meiner ein kan seie noko om vêret framover også.

Gunnhild Systad ved SUnnfjord folkemuseum

FOLKETRU: Gunnhild Systad seier teoriane framleis er godt festa i folk.

Foto: Eva Marie Felde

Fleire stader har ein trudd at om det er godvêr i starten av hundedagane, vil det vere det ein månad framover også. Medan det andre stader har vore eit teikn på at det vil komme regn rundt 23. august om perioden startar med sol. Teoriane skiftar etter kor i landet du kjem frå.

– Meteorologisk vil ein nok kunne slå fast at dette ikkje stemmer. Dei ulike vêrspådommane kan passe saman med det som er realiteten. Teoriane skiftar veldig frå plass til plass, seier Systad.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.