NRK Meny
Normal

Pass opp for is i vegen

Store nedbørsmengder har ført til at det har rasa ned isklumpar i vegen fleire stader. Nokre stader har det også komme ned stein og trekvistar.

Isnedfall på Eikås

RASAR IS: Fleire stader i fylket har det komme ned is i vegane. Illustrasjonsfoto.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Vegtrafikksentralen har fått inn fleire meldingar om is som har rasa ned i vegane.

Konkret har dei fått inn melding om is på riksveg 5 mellom Naustdal og Førde, Fylkesveg 613 mellom Bleksvingen og Steinsåker i Stryn og fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde.

Trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Bergen, Jan Marøy, seier dei også har fått melding om is fleire stader i Hordaland, og at det truleg har komme ned is endå fleire stader enn dei har fått melding om.

– Det er mykje nedbør no og då losnar det is frå fjellsidene. Det kjem nok sikkert endå meir, så det er viktig å vere observant, seier Marøy.

På fylkesveg 609 har det også komme ned ein del mindre steinar og kvist som dekkjer heile vegen ved Hundsåna på kommunegrensa mellom Askvoll og Førde. Det er likevel mogleg å køyre over dersom ein køyrer forsiktig. Ifølgje Vegtrafikksentralen er entreprenørane informerte, og vil truleg rydde opp innan kort tid, både ved Hundsåna og andre stader det har rasa ned is.

Hundsåna 1. nyttårsdag

STEIN, KVIST OG IS: I Hundsåna på fylkesveg 609 har det komme ned både stein og is natt til 1. nyttårsdag. Biletet er teke klokka 08.00.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå