Hopp til innhold

Pass deg for giftbål

Fylkesmannen advarer mot farlege bål på jonsokaftan.

Bål
Foto: Colourbox

Impregnert og malt treverk, rivingsavfall og møblar kan gje frå seg giftige gassar når det brenn. Ein bør difor berre nytte reint og tørt treverk i jonsokbåla.

Avfallsbål

I dag vil små og store jonsokbål bli tende over heile fylket, og Fylkesmannen oppfordrar folk om å vise generell aktsemd og rette seg etter kommunale reglar for bålbrenning.

I tillegg ber han om at jonsokbåla ikkje blir ein måte å kvitte seg med gamle møblar, madrassar og rivingsavfall på.

Giftig

CCA-impregnert treverk er farleg avfall, og inneheld arsen, krom og koparsambindingar. Når dette brenn vil det utviklast arsenikk, som er svært giftig sjølv i små dosar.

Arsenikk, i tillegg til restar av andre tungmetall vil ein finne både i røyk, støv og oske. Slik kan både dei som pustar inn røyk frå bålet og leikar i bålrestane etterpå bli eksponert for giftstoffa.