Hopp til innhold

Påskeveret vert dårleg

Skal vi tru meteorologane, vert ikkje påskeveret rare greiene.

Påska ser ut til å verte grå og trist her i fylket, med regn og sludd mesteparten av veka. Det kan statsmeteorolog Karsten Eitrheim fortelje.

- For dei som har tenkt seg til fjells, gjeld det å vere tidleg ute – for søndag og måndag vert dei finaste turdagane. Då får vi kanskje sjå sola, seier han. 

Frå og med tysdag vert veret dårlegare. Det vert nedbør i låglandet og snø i fjellet. Vinden kjem frå vest og sørvest, og vi får kuling langs kysten og i fjellet. Er vi heldige, kan vi få kortare opphaldsperiodar med sol innimellom.