NRK Meny
Normal

Påsketrafikken glir fint

Verken Fjord1 eller Vegtrafikksentralen i Lærdal kan melde om dei heilt store problema i påsketrafikken.

Bilete frå MF Gloppen

SUPPLERING: Fjord1 har sett inn suppleringsferje på sambanda Lavik - Oppedal og Bruravik - Brimnes i Hordaland.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Trafikken går tett på vegnettet i fylket, men det meste går på skinner om ein ser vekk frå snøskredet som sperra fylkesveg 337 til Veitastrond i Luster.

Bilistane blir likevel oppmoda om å ta det med ro.

– Smeltevatn frys raskt når sola går ned, så det er enkelte glatte parti. Og spesielt glatte parti kan det vere i tunnelunningar og på fjellet, seier vaktoperatør Ketil Molvær hos Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Ekstraferje

Driftsvakt Arild Frislid Solheim hos Fjord1 seier tilbakemeldingane frå ferjesambanda også er at trafikken glir fint.

– Det er ein stor utfartsdag, men eg føler vi har godt grep. Det blir meldt om lita eller inga kø. Men det er eitt samband der det er stor trykk på no, og det er Lavik - Oppedal, seier han.

Sambandet er eitt av to der Fjord1 har sett inn suppleringsferje både i dag, 31. mars og 1. april. Desse dagane vil ekstraferja gå mellom klokka 12 og 21.

Kort ventetidr

I tillegg til Lavik - Oppedal vil ei suppleringsferje trafikkere Bruravik - Brimnes på fylkesveg 7 mellom Eidfjord og Ulvik kommunar.

– Det gjer at sjølv om det er stort trykk, så tek ferjene trafikken fortløpande. Enkelte opplever kanskje å ikkje komme med den avgangen dei peika seg inn på, men då kjem suppleringsferja 10-15 minuttar etterpå, seier Frislid Solheim.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.