NRK Meny
Normal

Difor bør du reise i dag, eller vente til måndag

Dårleg nytt til dei som ynskjer ein tidleg start på påska: I helga blir det rufsete i fjellområda i Sør-Norge.

Dårlege vêrutsikter for påska

DÅRLEG: Påska får ein vêrmessig dårleg start og slutt, prega av mykje vind og nedbør.

Foto: Grafikk / Meteorologisk institutt

Skal du i fjellet, eller over fjellovergangane i helga, så bør du vere budd på både utfordrande køyreforhold – og i verste fall stengde fjell.

– Den beste tida å reise på er fredag ettermiddag, eller å vente til måndag. For det blir mykje vind og periodar med ganske mykje nedbør heile helga, seier vakthavande meteorolog Martin Granerød hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Halvmeter snø

Årsaka til den dårlege starten på påska er eit lågtrykk utanfor Norge som er på veg austover. Dette er venta å treffe vestlandskysten i løpet av natta.

(Artikkelen held fram under biletet)

Martin Granerød, statsmeteorolog ved Vervarslinga for Vestlandet

METEOROLOG: Martin Granerød er statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Foto: NRK

Det betyr til dels kraftig vind, og lokalt 50–70 millimeter nedbør – altså kring ein halvmeter snø, der nedbøren kjem som snø.

– I løpet av laurdagen får vi ein vindauke i fjellet, og utsette stader ventar vi opp til sørvest sterk kuling. I kombinasjon med nedbør kan det bli vanskelege køyreforhold sidan snøgrensa ligg på mellom 700 og 900 meter, seier Granerød.

Blir problem

– Det ser ut til at hovudparten av nedbøren kjem i sentrale strok, slik at fjellovergangar som Vikafjellet vil vere ganske utsett. Også på vestsida av fjellovergangar aust-vest kan det bli vanskelege køyreforhold om det blir nedbør, legg meteorologen til.

Oppmodinga om å velje utfartsdagen med omhug, støttar også vaktoperatør Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Lærdal oppunder.

– Det er dårlege meldingar, og det vil gjelde mykje det same på alle fjellovergangar. Folk bør ikkje stresse med å komme seg av garde, seier han og legg til at det erfaringsmessig plar gå bra med både utfarten og innfarten i påska.

– Snøstorm

– Stort sett går det greitt, men det er venta ein god del trafikk over Aurland – Hol, mot Hemsedal og Filefjell. Samstundes veit vi også at det fort kan bli litt kø på Lavik – Oppedal, men her er det sett inn ei tredje ferje, seier Stadheim.

Søndag er vinden er venta å dreie frå søraust mot vest.

– Det blir bygevêr, men framleis mykje vind i fjellet. Skal ein over fjellet og opplever ei lita bye, så kan det opplevast som ein liten snøstorm, seier Granerød.

– Det er ikkje godt nytt for dei som tenkjer seg ein tidleg start på påska?

– Nei, det er ikkje det. Og siste del av påska ser ut til å bli ein liten reprise på dette vêret. Den sentrale påska, altså frå måndag til onsdag, ser ut til å bli den beste på Vestlandet.

Fare for jordskred

Den venta nedbøren aukar faren for jordskred. Det blir også oppmoda om å reinse dreneringsvegar og stikkrenner.

– Temperaturprognosane er usikre. Jordskredfaren vil bli liten der nedbøren kjem som snø. Søndag er det venta kraftige byer i same område. Det er høg grunnvasstand og vassmetningsgrad i bakken. Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett, åtvarar jordskredvarslinga.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå