Hopp til innhold

Pasientar møtt med irritasjon når dei vil ta opp kritikkverdige tema med kommunane

Pasientombodet i Sogn og Fjordane er kritisk til måten kommunane møter pasientane.

Lisa Førde Refsnes
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg blir litt overraska. For eg tenkjer som tenesteytar i helsetenesta bør ein klare å stelle seg profesjonelt. Kvar gong slike ting skjer så blir eg litt overraska.

Pasientombod Lisa Førde Refsnes er nøgd med korleis Helse Førde møter deira brukarar, men på langt nør nøgd med korleis kommunane tek imot pasientar og pårørande som har opplevd noko negativt.

– Vi ser at kommunane i større grad går i forsvarsposisjon frå tenesteytar si side og uttrykkjer irritasjon mot pasienten og klienten vår når vi tek opp tema som vi ønskjer å behandle som kritikkverdige.

God møteatmosfære

Ho var i dag for første gong invitert til styremøtet til Helse Førde for å orientere om arbeidet dei gjer for pasientar og pårørande.

– Når det gjeld vårt samarbeid med Helse Førde så opplever vi at dei er flinke til å ha møter med våre klientar når det har vore ein svikt og det trengst eit oppklaringsmøte. Dei har ei god rolleforståing for kva pasientombodet driv med, kva som er vår rolle, er profesjonelle i møta og får til ei god møteatmosfære, seier Førde Refsnes.

Må tenkje på pasienten

– Kva tenkjer du må gjerast for å i enda større grad styrkje kommunikasjonen mellom helsepersonell og pasientar?

– Det må vere eit arbeid som alltid er pågåande og at det må vere haldningsskapande arbeid inne i helseføretaka og kommunane der ein heile tida har det med seg, seier ho.

Pasientombodet meiner det er viktig å tenkje på at ein pasient ikkje har opplevd dette før.

– Sjølv om det er ein daglegdags rutinehandling for oss er dette nytt for pasienten, og pasienten er kanskje i ein krisesituasjon med alvorleg sjukdom. Då må kommunikasjonen spegle att det og gje god informasjon slik at pasienten får svar på dei spørsmåla han har, seier Førde Refsnes.

Ein viktig diskusjon å ta

Jenny Følling

VIL TA DET OPP: KS-leiar Jenny Følling.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg tenkjer at når pasientombodet opplever dette, så er det ei sak som KS må drøfte. Om det er ei subjektiv oppleving og om det er noko i det eller ikkje, er noko vi må finne ut av, seier KS sin fylkesleiar, Jenny Følling.

Ho seier pasientombodet skal ha gode arbeidsforhold og kommunane er vande med å handtere kritikk, men at det her kanskje handlar om korleis ein møter folk.

– Det er nok viktig at vi tek opp temaet. Det har ikkje vore diskutert hos oss tidlegare og heller ikkje vore ei problemstilling som har vore kjent for meg før. Så vi får kanskje ta ei runde på det i fylkesstyret og høyre kva kommunane sjølv oppleve, seier ho.

Følling trur det å løfte denne diskusjonen kan vere ei bevisstgjering.

– Men er slik kritikk ein indikator på at noko ikkje er som det burde vere?

– Ja, vi får ta på alvor at pasientombodet opplever det slik, seier Følling.