Hopp til innhold

Vil vite kor mange som har opplevd mislukka operasjonar i hendene

Pasientombodet i Sogn og Fjordane krev full gjennomgang av operasjonar utførte av kirurgen Michael Scavenius då jobba ved sjukehuset i Førde.

Feilopererte hender

SMERTER: Dei ti pasientane NRK har snakka med fortelm om store smerter etter mislukka operasjonar. No vil Pasientombodet vite kor mange som har opplevd det same.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

NRK har snakka med ti tidlegare pasientar som alle lev i eit smertehelvete etter å ha blitt opererte av kirurgen på sentralsjukehuset i Førde.

Dei vart fortalt at dei skulle bli operert av ein av dei beste handkirurgane i verda, men alle har i dag dårlegare funksjon i hendene enn før operasjonane.

Ove Mjåtveit som er Pasientombod i Sogn og Fjordane meiner Helse Førde bør gjere det dei kan for å få ei full oversikt over kor mange dette gjeld.

Meiner helseføretaket må ta ansvar

NRK har vore i kontakt med kirurg Michael Scavenius fleire gonger, men han ønskjer ikkje å late seg intervjue på TV eller radio. Han seier det er beklageleg dersom pasientar har oppfatta informasjonen før operasjonane feil.

Else Tystad på Sandane er ei av dei som har opplevd å få store plager etter å ha blitt operert av nettopp Scavenius. Ho meiner Helse Førde må innsjå at dei gjorde ei stor feil når dei tilsette kirurgen.

No ber ho Helse Førde ta kontakt med alle pasientane som den danske kirurgen har behandla.

– Dei bør forfølgje dette og finne alle pasientane som ikkje har fått den gode behandlinga dei skulle, seier Tystad til NRK.no.

Trur det er snakk om fleire titals pasientar

Else Tystad

FLEIRE: Else Tystad er ei av dei som har opplevd å få store smerter etter operasjonen som skulle gjere det betre.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dei ti pasientane NRK har snakka med fortel alle om mislukka operasjonar, store smerter og lovnader om rask betring som ikkje kunne haldast.

Systad meiner det snakk om langt fleire enn desse ti som har blitt utsette for mislukka operasjonar gjort av Scavenius.

– Eg vil seie det er snakk om fleire titals. Når legane i Førde og Bergen ser tommelen min seier dei: Å, for ein dårleg operasjon. Så spør dei kven som har operert meg. Når eg seier kven det er fortel dei at dei har teke igjen mange operasjonar etter nettopp denne kirurgen, seier Tystad.

– Han følgde ikkje oppskrifta

Det var i 2009 at Else Tystad vart operert i tommelen. Ho hadde då lenge vore plaga av slitasjegikt og sleit med stive ledd. Under eit treningsopphald på sentralsjukehuset i Førde blei ho overtalt til å la seg operere av det som blei omtalt som «verdas beste handkirurg».

Resultatet var operasjonen vart derimot ikkje slik Systad hadde trudd.

– Det er som om eg skulle bake ei kake. Dersom ein ikkje føl oppskrifta, så blir kaka mislukka. Og det er nettopp slik det har vore med Scavenius, han har ikkje følgt oppskrifta, seier Tystad oppgitt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ove Mjåtveit

GJENNOMGANG: Pasientombod Ove Mjåtveit meiner Helse Førde bør finne ut kor mange pasientar saka gjeld.

Foto: Silje Guddal / NRK

Pasientombod krev gjennomgang

Tre pasientar har klaga sakene sine inn til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane, utan å få medhald. Åtte pasientar har prøvd saka si for Norsk Pasientskadeerstatning. Ein av dei har fått erstatning for feilbehandling.

Pasientombod Ove Mjåtveit ber no Helse Førde ta ein full gjennomgang av operasjonar som den danske kirurgen utførde medan han jobba i Helse Førde.

– Det er dei som har den beste føresetnaden for å avdekkje ein eventuell praksis som ikkje har vore god nok, seier Mjåtveit.

Vil prøve å få oversikt

Jon Bolstad

INFORMASJON: Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde seier dei vil merkverke med det dei kan i saka.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Mjåtveit ber helseføretaket samle opp alle den informasjonen som er tilgjengeleg.

– Dei bør telje over alle førespurnader og klager som dei har fått direkte frå pasientar, i tillegg til alle brev dei har fått frå oss. Dei kan også sjå på alle kopiar av skademeldingane som er sende til Norsk Pasientskadeerstatning og til slutt sjå på kor mange saker dette utgjer, seier Mjåtveit.

Og administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde seier dei er villige til å gjere nettopp dette.

– Vil vil sjå kva som kjem av førespurnader rundt dette. Men det er klart vi vil ha eit ope sinn i forhold til å opplyse saker og syte for at dei som har hatt ei uheldig oppleving skal få retta det opp i så stor grad som mogleg, seier Bolstad og legg til:

– Vi er innstilte på å medverke på den måten vi kan, både med informasjon og oppfølging.