Hopp til innhold

Pasientar overraska over streiken

Fleire pasientar med time ved sentralsjukehuset i Førde vart i dag tidleg overraska over sjukehusstreiken.

Streik ved sentralsjukehuset

Dei streikar for lik løn for likt arbeid.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Streik ved Førde sentralsjukehus

Streikevaktene er på plass utanfor sjukehuset.

Foto: Vegar Erstad / NRK
MR-maskin på Førde sentralsjukehus

Denne pasienten fekk likevel gjennomført undersøkinga i dag.

Foto: Vegar Erstad / NRK
Streik ved Førde sentralsjukehus

Røntgenekspedisjonen er ubemanna i dag.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Rundt 190 tilsette ved fleire sjukehus i heile landet streiker etter at meklinga mellom Spekter og YS ikkje førte fram i natt. Dei streikande krev lik løn for likt arbeid, og for pasientane betyr det utsette behandlingar eller lenger ventetid.

32 i streik i Førde

Ved Førde sentralsjukehus fortel store plakatar at 32 Delta-organiserte ved Førde Sentralsjukehuset i dag tidleg gjekk ut i streik . Difor er det ingen som sit bak lukene og kan ta i mot dei som har time og skal på røntgen på radiologisk poliklinikk.

– Eg forstår at dei streiker, men det er kjedeleg når vi har køyrt i to og ein halv time, seier Anita Nygård.

Har køyrt langt for å få hjelp

Ho har køyrt frå Bremanger til Førde for å få hjelp til sonen. Etter ei stund får dei likevel sleppe til.

– Det er bra, men det er urettferdig ovanfor dei som ikkje får akutt hjelp.

I heile landet er ambulansepersonale, portører, helsesekretærer og hjelpepleiere tekne ut i streik, etter at meklinga mellom Spekter og YS ikkje førte frem. Sjukehusa i Førde, Arendal, Kristiansand, Oslo, Trondheim og Tromsø er ramma av streiken.

Veit ikkje kvifor dei streikar

For folk i Sogn og Fjordane betyr det at mange av dei som har time på radiologisk poliklinikk, medisinsk poliklinikk, høyesentralen og øyre-nase-hals ved Førde sentralsjukehus ikkje får sleppe til på dei avtalte timane.

Dei vert også bedne om å ikkje komma til sjukehuset så lenge streiken varar. Men i dag er det fleire som møter opp uvitande om arbeidskonflikta.

Ei av dei er Rakel Riise, som ikkje likar at nok ei yrkesgruppe streikar

– Eg har ikkje fått med meg noko om streiken, så eg veit ikkje kvifor dei streikar. Men eg tykkjer det har gått inflasjon i det å streike.

Lik løn for likt arbeid

I gule streikevestar og med nevane fulle av drops med Delta sin lyseblå logo på, står dei streikande ved hovudingangen på sjukehuset. Streikeleiar Inger Johanne Sætenes seier dei har eit klart krav.

– Vi streikar for lik løn for likt arbeid i offentleg sektor. Det er ikkje rettferdig at ein hjelpepleiar på sjukehuset skal tene dårlegare enn ein i kommunen. Etter 10 år tener ein hjelpepleiar i kommuene 5500 kroner meir enn ein på sjukehuset.

Streikar til dei er nøgde med tilbodet

Men ikkje alle har sympati for dei streikane. Einar Sund står med to streikedrops i nevane, men er framleis kritisk.

– Eg tykkjer det blir mykje streik.

Heller ikkje Sætenes håpar streiken vert langvarig, men ho seier Delta sine medlemmer er budde på å stå på krava i lang tid for å få det som dei vil.

– Vi streikar til vi er nøgde med resultatet.

Klarer å ta unna ein del pasientar

I ei pressemelding skriv Helse Førde at dei likevel vil oppretthalde mange av timeavtalane som er gjort ved poliklinikkane som er råka av streik.

Ein gjennomgang av bemanningssituasjonen viser at øyre-nase-hals-poliklinikken, høyresentralen, medisinsk poliklinikk og radiologisk poliklinikk har personell til å ta unna mange av timane som er avtalte.

Avdelingane vil sjølve ringe til dei som kan kome, og dei som ikkje høyrer noko frå Helse Førde, vil få ny innkalling etter at streiken er over. Sjukehuset trur dei vil kunne ta unna halvparten av avtalane som er gjort.