Hopp til innhold

Pasientane i Helse Førde ventar minst

Aldri før har pasientar i Helse Førde venta så kort på behandling som i 2016.

Førde sentralsjukehus

VENTETID: I Helse Førde er ventetidene betre enn kravet, og helseføretaket kjenner ikkje til at andre helseføretak har kortare ventetid.

Foto: Arne Stubhaug

Mot slutten av 2016 venta pasientane i Helse Førde i snitt i 41 dagar. Det er ein nedgang på 22 dagar frå året før skriv helseføretaket i ei pressemelding. Kravet frå helsestyresmaktene var at ventetida i spesialisthelsetenesta skulle vere under 65 dagar.

  • Helse Førde har kortast ventetid av helseføretaka i Helse Vest.
  • Helse Vest har kortast ventetid av dei fire helseregionane.
  • Kortast ventetid i psykisk helsevern: 29 dagar i slutten av 2016, redusert med fem dagar samanlikna med året før.

Ifølgje helseføretaket kjem betringa som følgje av god planlegging.

– Avdelingane ser nytta av å gjere unna planlegginga med ein gong, skriv informasjonssjef, Terje Ulvedal.

Tala blir presenterte for styret i møte 27. januar i samband med den årlege meldinga frå føretaket. I framlegg til vedtak heiter det at meldinga synleggjer at Helse Førde har synt god utvikling og auka kvaliteten innanfor fleire sentrale område.