Hopp til innhold

Pasient vart skjelt ut

– Eg vart tvinga til taushet og fekk ein reprimande etter at eg fortalde om ein mislukka operasjon på Førde sentralsjukehus, seier Else Tystad.

Else Tystad

Elsa Tystad stod fram etter den mislukka operasjonen i handa.

Foto: Aadne Gloppestad/Firda Tidend

Ho vart kalla inn på teppet etter ei negativ mediesak om Helse Førde der ho i klartekst fekk beskjed om kva skader ho hadde påført helseføretaket.

Tystad seier opplevinga var svært ubehageleg, og er redd det kan skje andre pasientar som fortel om kritikkverdige forhold i Helse Førde.

– Eg har ikkje ord, det er så gale at eg det går nesten ikkje an å setje ord på det. Det er rystande.

Operert fleire gonger

Det er 11 månader sidan operasjonen i venstre tommel. Den er bøygd innover i handa, og ho klarar ikkje å bruke handa til noko. Else Tystad frå Sandane har vore under kniven fleire gonger med handa, utan hell. For operasjonane var mislukka, og Tystad risikerer no uføretrygd på grunn av dette.

– No har eg fått sjukmelding i 11 månader og har smerter med ein gong eg prøver å bruke den.

Kalla inn på kontor

Ho meiner legen som opererte henne ikkje skulle fått lov å operere. Difor gjekk ho i haust ut i media og fortalde om dette. Men då ho var kalla inn til ein kontroll etter operasjonen, hadde ho god tid og tok turen i kantina på Førde sentralsjukehus. Der vart ho, utan forvarsel, kalla inn på eit kontor.

– Eg skulle drikke kaffi, men eg kom aldri så langt. Det var så mange som kjende meg att frå media. Plutseleg kom ein sjukepleiar og lurde på om eg var Elsa Tystad. Då måtte eg bli med på eit kontor og der var eg i allefall i ein halvtime.

– Fortalde kva han meinte

Der sat det ein sjukepleiar og to legar. Den eine legen fortalte i klartekst kva han meinte om medieoppslaga.

– Eg fekk ikkje eingong tilbod om ein stol. Det var berre overlegen som snakka, dei to andre sat berre og høyrde på.

Hadde påført Helse Førde problem

Tystad vart mellom anna forklart at ho hadde påført Helse Førde store problem etter å ha fortalt historia si, og at slike saker var med på å gjere arbeidskvardagen til dei tilsette vanskeleg.

– Han sa at dei ikkje likte at eg hadde gått ut i media. Dei ville ikkje at pasientane skulle gå ut på denne måten, men heller komme rett til Helse Førde for å seie frå. Eg øydela visst for heile Helse Førde, men det sa eg at eg ikkje hadde gjort. Men eg fekk ei kjensle av at det ikkje var legen som vart sint på meg, men at det var klar beskjed frå høgare hald som er administrasjonen og leiaren i Helse Førde.

Måtte aldri meir snakke om Helse Førde

Ho måtte også sverge på at ho aldri skulle snakke i media om Helse Førde att.

– Det er heilt forferdeleg, skulle tru vi var i Russland. Vi bur i eit fritt og demokratisk land og må få lov å seie meiningane våre.

Etter den svært ubehagelege opplevinga, klaga Tystad saka inn til fylkeslegen.

– Det er både fordi eg var misnøgd med heile operasjonen, men også fordi fylkeslegen burde få vite korleis eg vart behandla då eg kom til Helse Førde.

- Dårleg leiarskap

Tystad kallar dette ein systemfeil, og at legen som kalla henne inn på teppet ikkje kan klandrast for det. Ho meiner ein slik måte å behandle pasientane i Helse Førde på er eit resultat av dårleg leiarskap frå administrerande direktør Jon Bolstad. Tystad meiner leiinga i helseføretaket er så hårsåre for kritikk, at det forplantar seg i systemet.

Fleire har fått refs

NRK kjenner til fleire saker der pasientar har fått refs etter at dei har vore i media med si oppleving av Helse Førde. Tystad seier ho reagerer kraftig på dette.

- Eg blir sint og det er difor eg gir eit nytt intervju. Den dagen eg stod der og fekk refs, visste eg ikkje at det var så gale. Eg har også snakka med helsepersonell som har sagt at det ikkje er lov å snakke til pasientar på denne måten.

Beklagar det som skjedde

Arne Eithun

Informasjonssjef Arne Eithun seier at dei beklagar det som har skjedd.

Foto: NRK

Informasjonssjef i Helse Førde, Arne Eithun beklager det som har skjedd.

– Det har eg også forstått at legen har gjort ovanfor Tystad og det er bra. Men dette er ein stor organisasjon med mange enkeltmenneske og det kan skje feil. Då er det viktig at vi orsakar oss når det skjer og at vi lærer av det slik at det ikkje skjer igjen.

– Pasienten seier at ho opplever det som om instruksane kom frå høgare hald.

- Eg meiner at den påstanden er urimeleg. Det er trist viss folk har eit slikt inntrykk av Helse Førde. Vi jobbar dagleg for at det skal vere openheit i organisasjonen. Å komme med ein konspirasjon om at leiinga skal gi påbod til både pasientar og tilsette, er urimeleg.