Hopp til innhold

Pasient slo til sjukepleiar

Ein sjukepleiar på Nordfjordeid fekk seg eit slag i ansiktet frå ein pasient då ho var på jobb tysdag. Kvinna måtte tilbringe natta på sjukehus etter slaget.

Nordfjord sjukehus

SLÅTT TIL PÅ JOBB: Ein pasient slo til ein sjukepleiar her ved legevakta på Nordfjordeid.

Foto: Nyhetsspiller

– I samband med eit ambulanseoppdrag på legevakta på Nordfjordeid vart ein av sjukepleiarane slått til av ein pasient, fortel kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal.

Hendinga skjedde tysdag, og planen var å sende pasienten frå Nordfjord sjukehus til Førde.

Terje Ulvedal

IKKJE KJEKT: Kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal.

Foto: Ukjent / Helse Førde

– Eg kan ikkje seie og veit heller ikkje noko om kva som er årsaka til at pasienten slo, seier Ulvedal.

Sjukepleiaren vart innlagt på sjukehuset, men vart skriven ut onsdag morgon. Ulvedal fortel at prøvane viser at ho ikkje skal vere skadd etter hendinga, men fekk eit så kraftig slag at ho hovna opp og måtte vere på sjukehuset den natta.

– Det er klart at dette ikkje er noko kjekt. Spesielt ikkje for den som opplever det. No kjem vi til å politimelde denne episoden, og vi vil sjølvsagt registrere dette i vårt avvikssystem, seier han.