Hopp til innhold

Pasient sendt heim med brot

Ein pasient fekk uforsvarleg undersøking av Helse Førde, konkluderer Fylkesmannen. Pasienten vart undersøkt med røntgen etter eit fall. Røntgenbileta vart vurdert til ikkje å vise brot og pasienten sendt heim. Fleire månader seinare blei det oppdaga brot i nakken. Bileta blei vurdert på nytt og ein fann ut at brotet hadde vore til stades allereie då. Fylkesmannen skriv at den seinare behandlinga var forsvarleg.