Hopp til innhold

Pasient isolert etter funn av antibiotika-resistent bakterie

Ein person er isolert ved Gloppen omsorgssenter etter at vedkommande fekk påvist den antibiotika-resistente bakterien MRSA fredag.

Gloppen omsorgssenter

ISOLERT: Ein bebuar ved Gloppen omsorgssenter er isolert etter at vedkommande testa positivt på den antibiotika-resistente bakterien MRSA.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Det er det første MRSA-tilfellet vi har hatt i Gloppen. Men det er ein stadig meir vanleg infeksjon, seier smittevernlege Bjørn Roth-Andenæs.

Tilstanden for pasienten skal ikkje vere alvorleg. Pasienten har vore isolert sidan fredag då bakterien vart oppdaga under ein rutinetest.

– MRSA er ikkje i seg sjølv nokon alvorleg infeksjon, men vi ønskjer å unngå at bakterien spreier seg innanfor sjukeheimen, seier Roth-Andenæs, og legg til at dei har teke naudsynte grep.

Får nærare svar neste veke

– Vi har isolert pasienten og så har vi testa heile personalet og alle dei andre pasientane som bur i same etasje, seier Roth-Andenæs.

I løpet av ei veke vil ein få svar på om fleire på sjukeheimen er smitta.

MRSA er ein antibiotika-resistent type av vanlege bakteriar på huda. Bakterien er vanskeleg å behandle, og det er difor viktig å avgrense spreiinga.

Finst hovudsakleg på institusjonar

Han fortel at bakterien hovudsakleg vert funnen på sjukeheimar eller sjukehus.

– Det kan sjølvsagt skje ei spreiing ut i samfunnet, men stort sett ser vi det mest på helseinstitusjonar, seier Roth-Andenæs.

Han understrekar at MRSA er ein vanleg hudbakterie.

– Den er ikkje meir farleg enn andre bakteriar som vi har på huda. Men MRSA blir eit problem i den augneblinken det set seg i eit operasjonssår og liknande, seier Roth-Andenæs.

– Kva skjer no?

– Vi følgjer dei retningslinene som vi har fått frå Folkehelseinstituttet. Det er ganske effektivt, seier Roth-Andenæs.