NRK Meny
Normal

Pasient for skiten for legesjekk

Ein middelaldrande kreftpasient vart nekta legesjekk fordi legen meinte han var for grisete.

Episoden fann stad på Førde sentralsjukehus tidlegare i år. Fastlegen hadde då prøvd i lengre tid å overtale pasienten til å reise på etterkontroll for kreftsjukdomen sin, skriv firda.no .

For grisete

Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Petter Øgar.

- Dei har vel såpe og vatn på sentralsjukehuset også, undrar fylkeslege Petter Øgar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen, som er uføretrygda på grunn av si mentale helse, var allereie for seint ute til kontrollen då han dukka opp på sjukehuset.

- Mannen vart ikkje undersøkt fordi overlegen meinte pasienten var for grisete og for dårleg reingjort, seier fylkeslege Petter Øgar til nettavisa.

Ingen reaksjon

Saka er no avslutta, men sjølv om Øgar meiner saka er ille, får ikkje overlegen noko reaksjon.

- Vi meiner overlegen oppførte seg uforsvarleg og vi tykkjer det heile er ei veldig ille og hovudristande sak, seier han.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast