Hopp til innhold

Kreftråka Lise-May føler seg krenka og dårleg behandla av legar på sjukehuset

Kreftsjuke Lise-May Vikbakk føler at kommunikasjonen mellom helsepersonell og ho som pasient har vore alt anna enn bra.

Lise-May Vikbakk

FØLER SEG KRENKA: Lise-May Vikbakk frå Florø har hatt mange negative episodar ved Førde sentralsjukehus. Ho etterlyser betre kommunikasjon med legane.

Foto: Privat

For tre år sidan fekk ho Florø-kvinna beskjed om at ho hadde kreft i magen. No fortel at ho har mange negative erfaringar med Helse Førde.

– Eg har hatt mange stygge tilfelle som har gjort meg fortvila og som har krenka meg som person, seier ho til NRK.no.

Tidlegare i dag kunne NRK fortelje om Daniel Nordstrand i Førde som har vore inn og ut av sjukehus i fire år og meiner måten han er blitt møtt på er så dårleg at han har klaga til pasientombodet.

– Det er eit system med manglande kommunikasjon og ansvarskjensle. Eg har opplevd dårleg oppfølging og der eg har blitt overlaten til meg sjølv, seier han.

Kvar fjerde klage til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane handlar om dårleg kommunikasjon mellom lege og pasient.

Brukarundersøkingar viser at det er mange som er misnøgde med informasjonen dei har fått i møte med legar, andre er fortvila over manglande informasjon eller meiner legane er arrogante.

– Eg følte meg som ein stokk som låg der

Florø-kvinna Lise-May Vikbakk har fleire gonger opplevd at legane har snakka over hovudet på ho.

– Ein gong skulle dei ta ultralyd. To legar fekk det ikkje til og ein tredje blei tilkalla. Han fortalde dei andre korleis dei skulle gjere jobben. Dei snakka ikkje til meg, berre seg imellom. Eg følte meg som ein stokk som låg der. Til slutt spurde eg i frustrasjon om når dei hadde tenkt å fortelje meg noko som helst.

Då byrja legen å snakke til ho og blei forklart at dei ikkje hadde funne noko alvorleg.

Ho etterlyser at legane blir flinkare til å fortelje kva dei gjer og kvifor. For er ein sjuk, så er ofte behovet for informasjon stort. Mange er engstelege og redde for sin eigen situasjon.

– Problemet er rett og slett mangel på kommunikasjon frå legane.

Tykkjer det er dårleg samhandling

Ho har opplevd dårleg samhandling mellom ulike avdelingar i helseføretaket. Feil rapportar er blitt sendte til andre sjukehus, på ting som allereie er ordna.

– Eg fekk til dømes innkalling frå Lærdal sjukehus om at eg skulle komme for å få fjerna ein veneport, men den hadde allereie blir fjerna ved sjukehuset i Førde halvannan månad før. Eg har også opplevd at legane ikkje har visst noko om meg som pasient når eg har kome dit, fortel ho.

Klaga til sjukehuset

Etter fleire uheldige opplevingar skreiv ho eit brev til Helse Førde. Det tok så lang tid før ho fekk svar at ho kontakta Pasientombodet. Men før ho gjekk vidare med saka der, kom svaret frå sjukehuset.

– Dei beklaga at eg fekk dei negative opplevingane mine. Legen seier seg einig i at det er fleire område der dei kan forbetre seg. Dei erkjenner også at eg hadde fått større tryggleik om eg fekk svar på spørsmåla mine då eg var der.

Blei behandla på heilt annan måte i Bergen

Vikbakk fortel at ho har hatt heilt andre opplevingar då ho har vore pasient ved Haukeland universitetssjukehus.

– Det var som natt og dag å komme dit. Det var ei fin oppleving i forhold til det eg har opplevd i Førde. Eg har blitt behandla meir menneskeleg. Det var eg som var der, eg var ikkje berre ein nummer på ei liste. Eg var eit menneske.

– Kva er det største problemet med helsevesenet slik du ser det?

– Det må noko vere noko gale med rutinane. Dei klarer ikkje følgje prosedyrar. Eg har også opplevd ein diskusjon mellom lege og ein sjukepleiar som måtte gå då eg låg på operasjonsbordet. Eg skal ikkje måtte lide fordi om dei har dårleg tid.

– Eg har blitt bitter i måten dei har sett på meg som pasient, fortel ho.

Førde Sentralsjukehus

SENTRALSJUKEHUS: Lise-May Vikbakk er svært kritisk til sitt møte med sentralsjukehuset i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vil ikkje tilbake til enkelte avdelingar

Vikbakk tek cellegift ein gong i veka og ho rosar dei som jobbar ved kreftavdelinga.

– Dei ser til at eg føler meg trygg. Det gjer eg ikkje på andre avdelingar eg har vore. Eg er kanskje negativ, men slik er det. Det er enkelte avdelingar eg ikkje vil oppsøkje igjen om det ikkje står om livet. Eg kjem til å forlange å bli sendt til andre sjukehus.

– Kva kan legane og sjukehuset bli betre på?

– Legane må bli betre å kommunisere med pasienten og seg imellom. Eg trur dei må ha såpass tid at dei kan finne ut kva som feiler pasienten, seier ho.

Hadde møte med pasienten

Kommunikasjonssjef i Helse Førde, Bernt Ove Flekke, seier til NRK.no at dei har hatt møte med dei involverte legane og avdelingsleiar på sjukehuset. Der gjekk ein i fellesskap gjennom klagepunkta hennar.

– Pasienten har fått referat frå dette møtet. I eit brev til oss datert 26. juni skriv pasienten at ho er svært nøgd med måten vi har handtert dette på og at ho ser saka som ute av verda, seier Flekke.

– Viss det er ikkje er riktig, er vi opne for at ho tek saka vidare til dømes til Helsetilsynet, om ho ønskjer vurdering frå utanforståande tilsynsmyndigheit. Det kan vi eventuelt også hjelpe henne med om ho ønskjer, sler han fast.

Beklagar likevel

Trass at det har vore avklarande møte om situasjonen til kreftråka Lise-May Vikbakk, går likevel Helse Førde langt i å beklage situasjonen som oppstod.

– Vi er leie oss for at pasienten har opplevd møtet med Helse Førde som negativt. Pasienterfaringar som hennar må vi ta på alvor og også ta det med oss i det kontinuerlege arbeidet vi gjer for å forbetre oss, seier Flekke.

Han meiner at dette handlar om kommunikasjon mellom pasient og helsepersonell, organisering av tenesta og møtet med enkeltpasienten.