Hopp til innhold

Pasient fekk ikkje vite om kreft

Ein pasient i Helse Førde gjekk ein månad i uvisse om at han fått påvist kreft.

Førde Sentralsjukehus

FEKK IKKJE SVARA: Overlegen slutta og då var det ingen som gav resultatet av kreftprøven til pasienten.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Problemet var at overlegevikaren som gjorde undersøkinga i mellomtida var slutta, og ingen andre fekk sjå analyseresultatet på det kom, skriv Firda.

Då pasienten ein månad seinare var innom sjukehus for ei anna problemstilling, såg ein annan lege tilfeldigvis at det låg eit laboratoriesvar om kreft som det ikkje var starta behandling av.

Pasienttryggingsutvalet ser svært alvorleg på saka. Helse Førde har no endra rutinane, slik at alle leiarane i medisinsk avdeling har fått tilgang til å sjå prøvesvara som kjem.