Hopp til innhold

Pasient døydde etter uforsvarleg sommel

Det tok fleire dagar før pasienten fekk den naudsynte undersøkinga av Helse Førde. Han døydde av komplikasjonar.

Førde sentralsjukehus

KRITIKK: Helse Førde ytte ikkje forsvarleg helsehjelp til eldre pasient som døydde av komplikasjonar.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

No har fylkeslegen konkludert med at den eldre pasienten ikkje fekk forsvarleg helsehjelp.

Den diagnostiske undersøkinga skulle ha skjedd fleire dagar tidlegare.

– Vi har brukt sakkunnige som meiner undersøkinga burde vore gjort rimeleg raskt. Kanskje helst innan dei første 24 timar, seier fylkeslege Jacob Andersen.

Komplikasjonar

Saka gjeld ein pasient som på grunn av forverring av ein kjent tilstand vart lagt inn ved eit sjukehus. Som ledd i utgreiinga skulle han ha gjennomført eit diagnostisk inngrep.

Då inngrepet vart utført oppstod komplikasjonar som førte til at pasienten døydde. Fylkeslegen meiner det mangla ein overordna og heilskapleg plan for diagnostikk, behandling og oppfølging ved innleggingstidspunktet.

– Helse Førde må sikre at dei har eit system som gjer at helsepersonellet får utføre sine oppgåver på best mogleg måte, seier Andersen.

– Kunne dødsfallet vore unngått?

– Det vil eg ikkje spekulere i. Det var i utgangspunktet ikkje sjølve dødsfallet som gjer at vi meiner helsehjelpa var uforsvarleg.

Melde sjølv frå

Det var Helse Førde HF som sjølv melde hendinga til Statens helsetilsyn. Helseføretak har plikt til å melde alvorlege hendingar til Statens helsetilsyn på eige initiativ.

Statens helsetilsyn bad deretter Fylkesmannen om å granske hendinga som tilsynssak.

– Vi tek til etterretning at fylkesmannen konkluderer med at den viktigaste diagnostiske grepet vart for seint hos oss, seier avdelingssjef Trine Vingsnes ved Medisinsk avdeling i Helse Førde.

Full gjennomgang

Vingsnes ynskjer ikkje å gå inn på kvifor pasienten fekk forseinka behandling. Ho seier det er eit komplisert bilete med undersøkingar.

– Det gjekk føre seg arbeid i avdeling med behandling av pasienten, men den viktige diagnostiske prosedyren vart utsett. Dette hadde vi gjennomgang på allereie på det tidspunktet, seier Vingsnes.

– Kva har de gjort og vil gjere, for at liknande skjer igjen?

– Vi skal ha full gjennomgang og sjå kva vi får kritikk for, sjå på rutinar og alle ting slik at vi ved alle neste høve kjem oss raskt nok på den viktigaste undersøkinga som skal gjerast for ein slik pasient.