Hopp til innhold

Partiveteranen melde seg ut av Ap i protest

MÅLØY (NRK): Kjell Heggen vart Ap-medlem på 80-talet. No melder han seg ut.

Kjell Heggen

FERDIG MED Ap: Kjell Heggen seier han veit om minst eit medlem til som melder seg ut, og fire andre som vurderer det same.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg har ikkje tenkt å la mitt politiske ettermæle bli tilsølt på denne måten, skriv partiveteran Kjell Heggen i eit brev til Vågsøy Ap.

Heggen har vore lokalpolitikar sidan 80-talet, og har fire periodar i kommunestyret, to år som varaordførar.

Det er skulestriden som er årsaka. Denne månaden la politikarane ned 2 av 5 barneskular.

Men alt til våren kjem utgreiinga om ein stor ny felles barneskule for heile kommunen.

Løftebrot

I eit harmdirrande brev som NRK har lest, tek Heggen eit ramsalt oppgjer med lokallaget si kommunestyregruppe.

I valkampen lova Ap å behalde alle fem skulane, og fekk dermed ordførarmakta ved hjelp frå Sp, Frp, Raudt og Tverrpolitisk liste. Den avtalen har partiet brote.

– Min moral og etiske rettesnor tilseier at ein ikkje inngår avtalar som ein veit ikkje kan haldast, skriv Heggen og skuldar Ap for å drive «politisk prostitusjon» for å sikre posisjonar.

Skjermdump Vågsøy Ap

LØFTEBROT: Dette innlegget skreiv Vågsøy Ap til veljarane i kommunen dagen før lokalvalet. No har dei lagt ned to skular, og bygd ny ungdomsskule.

Legg ned to skular, men vil eigentleg legge ned alle

Ap har sidan jobba for ein ny felles barneskule, og då saka kom opp i kommunestyret førre veke gjekk det mot fleirtal for storskule, men berre om ein freda skulane fram til nyskulen står klar.

Heggen hadde som partimedlem vore med og forhandla fram løysinga.

Men partiet snudde i tolvte time, og gjekk saman med Høgre og Venstre: Framleis skal storskulen utgreiast, men skulane Holvik og Bryggja, vert lagt ned til sommaren.

Heggen likar svært dårleg at Ap igjen går vekk frå ei framforhandla avtale med andre parti, og vel derfor å melde seg ut.

– For meg er situasjonen at eg blir sett i bås med fleirtalet i Ap-gruppa. «Ikkje til å stole på! Inngår avtaler for så å bryte dei når det passar!», skriv Heggen.

– Kjedeleg å misse medlemar

Leiar i Vågsøy Ap, Tove Lill Refvik Volle, har ikkje fått andre utmeldingar.

Tove Lill Refvik Volle

ALVORLEG: Ap-leiar i Vågsøy Tove Lill Refvik Volle har ikkje fått andre utmeldingar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er kjedeleg når vi misser medlemar, han har gjort ein god jobb. Men dette valet må han ta sjølv.

Refvik Volle seier ting har endra seg sidan valkampen, og at ny informasjon kom dei siste dagane før møtet:

– Vi hadde møte med kommuneleiinga, og vi har ikkje råd til å halde oppe fem skular i mellomtida. Neste år er vi fem millionar i manko, i 2019 er vi 19. Det er alvorleg og vi må gjere grep, seier Refvik Volle.

Trur på ein barneskule

Utgreiinga om storskule kjem til våren:

– Vi bevegar oss frå ende til ende i kommunen på 40 minutt. Dei som bur i storbyane ler av oss, dei brukar timevis i kø. Eg tenker dette vedtaket er fornuftig, seier Volle.