Hopp til innhold

Partireglar kan ha blitt brotne

Framstegspartiet sine partireglar kan ha blitt brotne i sex-saka som er rulla opp i dag.

Frank Willy Djuvik

SKULLE VORE VARSLA: Fylkesleiar Frank Willy Djuvik seier at saka burde vore meldt vidare i Frp.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ei kvinne i Eid Frp skal for fem år sidan ha blitt utsett for seksuell trakasering og seksuell sjikane frå ein profilert mannleg medlem i fylkespartiet. Begge dei involverte skal vere vaksne personar.

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik seier saka hamna hos regionkontoret i Ålesund, men vart ikkje sendt vidare til overordna organ, slik partireglane seie.

– Mellom anna har det kome påstandar om at det blei tilbydd politiske posisjonar og verv mot seksuelle gjenytingar som betaling. Det er også påstand om grove enkeltepisodar der kjønnsorgan er omtalt, seier han.

Fekk vite om det i 2006

Fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Framstegsparti sit no med ei betent og vanskeleg sak i fanget. Alt i 2006 skal organisasjonssekretæren lokalt ha blitt varsla.

Dette er tredje gongen på kort tid at ein tillitsvald i Frp vert skulda for seksuell trakassering og sjikane. I tillegg til saka om Trond Birkedal er det og kome fram påstandar om at ein tillitsvald i Møre og Romsdal skal ha drive med seksuell sjikane av to 17 år gamle jenter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harald Fagerstrand jr., Kari Knævelsrud, Ørjan Tystad, Turid Vassliås Borgund og Frank Willy Djuvik

I KRISEMØTE: Harald Fagerstrand jr., Kari Knævelsrud, Ørjan Tystad, Turid Vassliås Borgund og fylkesleiar Frank Willy Djuvik sat i går i møte for å drøfte saka.

Foto: Anna Wuttudal, Fjordabladet

– Skulle vore gjort

Reglane i slike saker som er under opprulling i Eid, er at partiet sine overordna organ skal varslast. Dette blei ikkje gjort, og fylkesleiar Djuvik seier det kan vere i strid med partiet sitt regelverk.

– I utgangspunktet kan det sjå ut til at dette skulle vore gjort. Men eg veit ikkje innhaldet i dei samtalane og kor vidt ho har ønska det eller ikkje.

Avviser skuldinge

Mannen som er utsett for skuldingane, avviser påstandane på det sterkaste og vurdere å politimelde kvinna.

Dette er tredje saka som Frp-leiinga får i fanget i løpet av kort tid. Andre nestleiar Frp Per Arne Olsen er pressa om dagen.

– Eg blir kvar dag overraska over nye saker. Og kvar gong eg må gå i studio for å svare på andre ting enn Framstegspartiet sine politiske løsyingar, er det ingen god dag for meg.

I morgon skal Frp sitt organisasjonsutval sentralt drøfte korleis partiet har takla dei ulike trakassering og overgrepsanklagane, og om partiet har fulgt sitt eige regelverk.