Hopp til innhold

Partane i staten samde - ingen streik på høgskulen

Partane i statsoppgjeret har blitt samde, og dermed blir ikkje studentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane råka av streik.

Høgskulen hadde blitt den utdanningsinstitusjonen i landet som hadde blitt råka hardast dersom dei tilsette hadde lagt ned arbeidet frå i dag.

Staten og fagforbundet YS Stat er samde om ei fordeling av lønstillegg der 50 prosent blir gjeve sentralt og 50 prosent skal fordelast lokalt gjennom forhandlingar.

Avtalen inneber eit generelt lønstillegg på 1,15 prosent til alle, medan resten skal fordelast lokalt i etatar og statlege verksemder.

– Vi er nøgde med resultatet. Vi har rett og slett fått ein betre tariffavtale, seier Pål N. Arnesen, leiar i YS Stat.

Utdanningsforbundet, Forskarforbundet og Sjukepleiarforbundet hadde til saman teke ut 117 av totalt 330 tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i ein mogleg streik. Det kunne ha råka 3000 studentar.

– Dette var ei veldig gledeleg melding å få i dag tidleg. Vi er spesielt glad og letta på studentane sine vegner, seier rektor Rasmus Stokke til NRK torsdag morgon.

Han meiner at særleg studentane ville blitt råka som ein uskuldig tredjepart.

– Vi er midt i ein periode med eksamen, og ein streik ville særleg fått konsekvensar for avviklinga av denne.