Ei av dei er Gerda Frøyen i Bremanger. Ho miste sonen sin i eit sjølvmord. Ho opplevde det utenkjelege at sonen Ole Johan Grønskag tok sitt eige liv i fjor, berre 34 år gamal.
Mora såg skuggesida
For omverda framstod forfattaren og arkitekten som ein ressurssterk og kreativ mann. Blant anna skreiv han stykket "Filantropicana", som vart framført på Sogn og Fjordane Teater. Men mora såg skuggesida, ho såg korleis livet vart for stort og for vanskeleg for sonen.
- Gøymer seg bak teieplikta
Sjølvmord og psykiske lidingar er tema vi sjeldan pratar om. Men for Gerda Frøyen og fleire med ho har sjukdommen forandra livet for alltid. For familien til forfattaren og arktitekten var tilveret ein kamp for å få hjelp. Men slik Frøyen ser det gøymde helsepersonellet seg bak teieplikta.
Fortel om røynslene
No ynskjer ho å setje søkjelys på det ho opplevde, slik at andre ikkje skal oppleve noko liknande. Difor stiller ho onsdag på eit fagmøte i Førde for å fortelje om røynslene sine. Særleg er ho kritisk til bruken av teieplikt og personvern.
- Har ikkje skjult oss bak teieplikta
Driftssjef i open omsorg i Bremanger kommune, Jonna Grønstrand, seier dei ikkje kan kommentere kritikken frå Gerda Frøyen. Ho er ikkje einig i at dei har skjult seg bak teieplikta.
Fortvila foreldre
Gerda Frøyen er ikkje åleine. Dagleg opplever Landsforeininga for pårørande innan psykiatri at fortvila foreldre tek kontakt. Det seier Astrid Gytri, som er sekretær i Sogn og Fjordane. Ho har sjølv høyrt fleire som ikkje torer ta ferie eller reise vekk.
Verst i små komunar
Årsaka til dette, slik Gytri ser det, er reformen som skulle føre meir av psykiatritilbodet over på kommunale hender. Ho seier det er fleire som føler seg svikta i mindre kommunar.