- Dette må Helse Førde ta tak i, og det med ein einaste gong, seier ei kvinne NRK har snakka med.
- Provoserande og problematisk
I fleire år har det kome klager på at parkeringssituasjonen ved det største sjukehuset i Sogn og Fjordane er for dårleg. Ettersom det stadig har blitt fleire tilsette og pasientar, har dette berre forverra seg.
Folk finn ikkje plass å parkere, og mange endar med å parkere på plassar som er til hinder for andre. Mellom anna nyttar fleire seg av parkeringa som er meint til av- og påstiging.
- Det er både provoserande og problematisk, seier kvinna til NRK.
- LES OG:
- LES OG:
Måtte parkere rett framfor inngangen
Denne veka skulle ho hente mannen sin som var operert ved sjukehuset. Mannen gjekk på krykker, og kvinna ønskte å parkere nærast mogleg inngangen for å få mannen inn i bilen utan at han måtte gå langt på det glatte føret.
- Då eg kom til sjukehuset fann eg ikkje parkeringsplass nokon stad. På korttidsparkeringa folk kan bruke til av- og påstiging stod det parkert fleire bilar som var nedsnødde. Dei hadde tydelegvis stått der lenge, seier kvinna.
Det heile enda med at ho parkerte rett utanfor inngangsdøra.
- Det er livsfarleg for personar på krykkjer eller andre som er dårlege til beins å gå på det føret som har vore no, meiner kvinna.
Dei få minutta kvinna stod parkert ved inngangen har ho dårleg samvit for. Og ho forstår ikkje kva som får folk til å parkere på korttidsparkeringa over lengre tid.
- Eg trudde verkeleg ikkje dette skulle vere eit problem.
(Artikkelen held fram under biletet)
- Vi skal bli betre
Helse Førde er fullt klar over problemet, og vedgår at skiltinga av til dømes parkeringa som er meint for av- og påstiging ikkje er godt nok i dag. No lovar dei at ting skal bli betre.
- Det er klart ting ikkje er bra nok når det oppstår slike situasjonar frå tid til anna. Så dette må vi berre beklage, seier Jan Inge Hage, eigedomssjef i Helse Førde.
Skiltplan til våren
I haust er det blitt vedteke ein skiltplan for område utanfor sjukehuset i Førde. Den skal setjast i verk til våren, og håpet er at den skal betre situasjonen.
- På denne måten skal vi gjere det mykje tydlegare kor folk kan parkere. Dette gjeld både kort- og langtidsparkering og gjeld for både tilsette og pasientar, seier Hage til NRK.no.
Kvifor ein slik plan ikkje har kome på plass tidlegare trur Hage har med økonomi å gjere.
- Eg reknar med at dette er fordi ein ikkje har hatt pengar til det. Men no er ting på gang, seier Hage.
Oppmodar folk til å respektere skilta
I tillegg skal ei brakke rivast, noko som vi frigjere opp mot 20 parkeringsplassar i nærleiken av hovudinngangen. Dersom ikkje situasjonen betrar seg når parkeringsplassen vert betre skilta, vil helseføretaket vurdere hardare lut.
- Først må vi sjå om skiltinga gir resultat, Viss ikkje får vi vurdere andre tiltak, seier Hage.
Han oppmodar også publikum og tilsette om å la vere å bruke parkeringa som er meint til av- og påstiging. Denne oppmodinga legg Helse Førde også med jamne mellomrom ut på sine heimesider.