Hopp til innhold

Stod parkert i knappe seks minutt - fekk bot på 500 kroner

– Det rikaste landet i verda har ikkje forstått kva turistbehandling er, seier den franske turisten etter si verste turistoppleving.

Videseter hotell

BØTLEGG TURISTAR: Å gje turistar parkeringsbøter kan vere dårleg PR for området, meiner reiselivet i Stryn og Nordfjord.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– To minutt til å ta bilete og to minutt til å komme tilbake til bilen, og då var det allereie ei parkeringsbot på frontvindauget, seier Christian Larebiere.

Ifølgje turisten tok det han få minutt frå han parkerte bilen på parkeringsplassen ved Videseter Hotell i Stryn, til han hadde fått ei parkeringsbot på 500 kroner.

Larebiere skulle ta bilete av Videseterfossen og tenkte at det gjekk bra utan å betale. Der tok han feil, og han drog derifrå 500 kroner fattigare og ei dårleg oppleving rikare.

Skreiv klagebrev

Parkeringsbota førte til eit klagebrev til hotellet og Stryn kommune, der Larebiere skriv fylgjande:

– Eg ønskjer å fortelje at som turist i Norge har eg hatt mi verste oppleving.

Brevet fortel om franskmannen og episoden ved Videseter Hotell som gav han eit dårleg inntrykk av Norge. Han påpeikar at han ikkje er den einaste med denne opplevinga, og at han ikkje vert overraska om hotellet går konkurs.

Eg føler at denne måten å ta i mot turistar eller gjester til Norge er absolutt det verste ein kan oppleve. Eg vil ikkje anbefale nokon av vennene mine å komme til Norge

Christian Larebiere

Dårleg PR

No fryktar reiselivet i Stryn og Nordfjord at turistar skal snakke om dårlege opplevingar til vener og kjente,

Dei meiner det er dårleg PR for området, og i det krasse brevet til hotellet og Stryn kommune seier turisten at han ikkje kjem tilbake med det fyrste.

Det har også tidlegare vore oppe episodar med irriterte turistar frå parkeringsplassen ved hotellet.

– Det er heilt legitimt å ta betalt for parkering, men det er kanskje måten det vert gjort på som gjer at det vert oppfatta som ein litt aggressiv måte for bøtelegging, seier Inger Elin Nes Hjelle i Reisemål Stryn og Nordfjord.

– Naturen i Norge er vakker og bør dermed vere fri til å oppleve, seier den skuffa turisten.

Må imøtegå turistane

Ordføraren i Stryn kommune, Sven Flo, er oppteken av at turistane skal ha med seg ei god oppleving når dei reiser frå Stryn.

– Når turistane reiser heim til sine respektive land og snakkar med sine omgjevnader, er det god marknadsføring om dei snakkar godt om Stryn, seier ordføraren.

Sven Flo meiner at dei som driv i næringa bør strekkje seg langt for å vere serviceinnstilte og prøve å imøtegå turistane.

Hotellsjef ved Videseter hotell, Per Garen, vil ikkje kommentere saka.