Hopp til innhold

Parkeringsavgifter ikkje god butikk

Parkeringsselskapa i Måløy og Florø klarte ikkje å tene pengar i fjor.

Parkeringsautomat

INGEN GULLGRUVE: To av parkeringsselskapa i fylket tener ikkje pengar.

Foto: Rainer Prang / NRK

I Måløy gjekk Vågsøy parkering med underskot for andre året på rad, medan Florø parkering tapte ein halv million kroner.

Styreleiar Knut Berg i Vågsøy parkering meiner det er ei rekkje ulike samantreff som har ført til den dårlege utviklinga.

– Det er ein uheldig kombinasjon av sviktande inntekter og auka kostnader, seier Berg

Det har ikkje vore god butikk å drive parkeringsselskap i Måløy dei siste to åra.

Gratis laurdagsparkering

Inntektene har gått ned frå 2 millionar til 1,4 millionar kroner, samstundes har kostnadane gått oppover på grunn av pensjonsutgifter og nye automatar. Ei viktig årsak til inntektsfallet er gratis laurdagsparkering, men samstundes har framveksten av handelen på fastlandet og utfyllingar av sjøfronten i sentrum gjort det vesentleg lettare å finne gratis parkering i Måløy no enn før.

– Dermed blir det ikkje så stor trykk på dei avgiftsbelagde plassane, og så har det i ein periode vore ein del tomme forretningslokale.

Tøft i Florø også

Også i Florø har det vore tøffe tider for det nyskipa parkeringsselskapet. I fjor gjekk Florø parkering med vel ein halv million i underskot, men dagleg leiar Fredrik Gulbransson meiner det skuldast ekstraordinære utgifter for det nyskipa selskapet.

– Vi har eit førebels overskot på drifta etter første halvår på om lag 200 000 kroner. Prognosane vi har så langt syner at vi skal kunne gå i balanse i år, seier Gulbransson.

Også i år vil parkeringsselskapet gå i minus, men Berg trur tidene vil snu. Nye butikkar er på veg inn i gata, og tomme forretningsbygg ser ut til å bli fylt opp.

– Vi har fått orden på bemanninga og så skjer det ein del positive ting i gata, med at ein del av dei tomme butikklokala er i ferd med å fyllast opp. Og alt det positive som skjer dei neste åra gjer at vi er sikre på at frå og med neste år så kjem selskapet til å med overskot.