NRK Meny
Normal

Paraglider skulle gå inn for landing – krasja med bil

Piloten i 20-åra var medviten etter ulukka og har no blitt frakta til sjukehus med brotskadar.

Paraglider krasja med bil

KRASJA VED LANDING: Paraglideren krasja med ein forbipasserande bil då piloten skulle gå inn for landing.

Foto: NRK-tipsar / NRK

Ulukka skjedde like utanfor Aurland sentrum. Paraglideren krasja i sida på ein bil som køyrde på vegen forbi landingsplassen nede ved fjorden.

Piloten har blitt frakta av luftambulansen til Førde sentralsjukehus med brotskadar.

Politiet opplyser at saka vert vidare undersøkt ved Aurland lensmannskontor.

Saka blir oppdatert.

Paragliderulukke

LANDINGSPLASS: Ulukka skjedde like ved landingsplassen paragliderpilotane nyttar, ved Neset like utanfor Aurland sentrum.

Foto: NRK-tipsar / NRK
Laster kart, vennligst vent...

ULUKKE: Politi og ambulanse rykte ut etter melding om ei paragliderulukke i Aurland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.