Dei to, ein mann og ei kvinne i 20-åra, vart tekne av politet i eitt-tida natt til måndag. Politiet fann tjuvegods i bilen dei køyrde.
Politibetjent Bjarne Brudevoll seier dei to tilstod måndag å ha stått bak tjuveriraidet i Gaular i påskehelga.
Var på motell
Mannen og kvinna, som begge er i midten av 20-åra, hadde teke inn på Sande Kro og Motell, der politiet fann dei. Politiet hadde fått tips om merkeleg køyring, og fann bilen det var snakk om på Sande. Mannen er ifølgje Brudevoll ein kjenning av politiet.
På Sande skule var dørene brotne opp med øks. (Arkivfoto: NRK)
Og politiet har gode bevis, for bilen var full av tjuvgods frå innbrot i Sande skule, Bygstad skule og Maritime Montering. Brudevoll vil ikkje anslå verdien av tjuvegodset, men seier det dreier seg om fleire tusen kroner.
Mistenkt for meir
Brudevoll seier etterforskinga av saka ikkje er avslutta, og at det enno ikkje er klart om dei to også stod bak innbrota i nærbutikken i Guddalen og på Fure Mekaniske i Fjaler tidleg i påskeveka. Men politiet mistenkjer dei to for å ha stått bak også desse innbrota.
Brukte øks
Dei to har ikkje brukt avanserte metodar når dei har brote seg inn. På Sande skule vart det i samband med flaggheisinga sundag oppdaga at fleire dører var knuste med øks, og at det var rota til på kontora. Dei to som braut seg inn har gjort skade for om lag 50.000 kroner. Ved Bygstad skule rakk tjuvane å stele ein telefax, før dei truleg vart skremde vekk av alarmen.