NRK Meny
Normal

Pappa Øystein tok opp jakta då "lokkemann" la på sprang

Ein "lokkemann" prøvde å få ei fem år gamal jente med bak ein garasje. I sjokk og sinne følgde far Øystein etter mannen gjennom sentrum i Høyanger.

Øystein Pedersen Rønnestad

FANN SPOR: Øystein Pedersen Rønnestad (t.h) frå Høyanger klarte å følgje spora etter 'lokkemannen' mot sentrum i Høyanger.

Foto: Privat

Det har gått ei veke sidan ein hyggeleg utekveld på isen på Sæbøtjørna, blei forvandla til eit lite mareritt for den unge familien i Høyanger.

– Vi tenkte at det var på tide å reise heim for å få lagt ho minste. Dottera mi gjekk først, 100 – 150 meter framfor mora. Dei to går mot huset og har augekontakt med ho, og ser at ho går opp mot inngangen til huset vårt. Men når mora kjem til huset, så er ikkje dottera vår der, fortel Pedersen.

Mor til jenta ropte etter ho og ser ho nede ved nabogarasjen, som ligg litt avsides frå den kommunale vegen, litt inne i ein "krok".

– Der ryggar det ein mann ut. Han er svartkledd, med svart bukse og svart hettegensar med hetta trekt på. Så går han vekk derfrå. Så ropar ho etter han og då byrjar han å springe, så spring han og forsvinn.

Ville syne dottera ein blome

Dottera forklarte at den svartkledde mannen med nordisk utsjånad ville ha ho med bak garasjen for å syne ho ein spesiell blome, og at det måtte vere hemmeleg og berre mellom dei.

– Eg kjem heim rett etterpå og finn sambuaren min i eit slags sjokk. Eg greier å spore han 100-150 meter.Så blir det så mange spor at eg ikkje greier å følgje han lenger. Eg greidde å ta nokre bilete av skosålen, det er det eg sit med i dag, seier ein tydeleg rysta familiefar.

Han og sambuaren valde å gå ut med historia via sosiale medier, og responsen frå vener og kjende har vore stor.

– Det er utruleg viktig at folk må få vite dette, tykkjer vi. Kva hadde skjedd dersom vi ikkje var med? Det plagar oss veldig.

Politiet blei varsla

Politiet fekk melding om hendinga, men dei innrømmer at dei har lite å gå på når det gjeld denne saka. Politiførstebetjent Arnt Olav Aas ved Høyanger lensmannskontor stadfestar at det truleg er snakk om ein mann med nordisk utsjånad, men at dei ikkje veit identiteten på vedkomande.

– Det er mistenkelig at han spring frå plassen når voksne forsøker å ta kontakt. Vi følgjer med. Om det er noko som foregår, så får vi nyss om det. Om det har vore fleire episodar, så trur eg vi ville fått nyss om det. Folk i Høyanger er flinke til å tipse oss om det er noko på gang, seier Aas.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser