Hopp til innhold

Pappa Fannemel trur ikkje sonen har arva hopp-genane etter han...

Ola Rasmus Fannemel, som er far til Anders, trur ikkje det er han å takke at sonen er så god til å flyge på ski.

Moren til Anders Fannemel

SPENT: Mor Ellen Bodil Kirkeeide legg ikkje skjul på at ho er nervøs kvar einaste gong sonen hoppar.

– Nei, det tvilar eg på. Eg kan kanskje ta æra for at han har høgda mi, men resten har han fiksa sjølv, seier Fannemel og ler.

Mor Ellen Bodil Kirkeeide har sjølv høgdeskrekk, og det meiner ho sonen har også.

– Han er ikkje så modig på taket heime, så det er eitt eller anna som eg ikkje får til å stemme, seier Kirkeeide smilande.

Foreldra stod i ettermiddag ringside då Anders Fannemel stupte ned til 236 og 238,5 meter under skiflygingsrennet i Vikersund. Fannemel leia heilt til slovenaren Peter Prevc dalte ned til svimlande 250 meter og ny verdsrekord.

Har vore ein enorm sesong

Men ein 2. plass i både verdscupen og hopprennet er slett ingenting å hengje med geipen for.

– Dette er berre heilt utruleg. Dette er så moro at eg knapt har ord, seier Fannemel.

Han legg ikkje skjul på at han er stolt over kva sonen har oppnådd.

– Det har vore ein enorm sesong, og siste renna har vore utruleg bra. Det er stort, seier Fannemel.

Han tykkjer det var ekstra stas at eit trettitals honndøler tok turen til Vikersund for å heie fram bygdas store son.

– Dei har laga god stemning, seier Fannemel.

Fannemel hoppet 238,5m i 2. omgang

Mangla litt fart

Sjølv var Anders Fannemel godt nøgd med hoppet, som sikra han 2. plass.

– Eg mangla litt trøkk i siste delen til å kunne nå 250 meter, seier Fannemel, men legg til at innsatsen totalt sett er god.

– Det var bra hopping. Eg flyg ganske bra, men manglar litt fart på slutten, seier Fannemel.

No ser han framover til hopprennet i morgon. At Prevc knuste verdsrekorden til Johan Remen Evensen med fire meter, tykkjer han berre er motiverande.

– Klart ein blir inspirert av det. Eg håpar eg kan få til tre gode hopp i morgon, seier Fannemel.

Trur grensa er nådd

Trenar Alexander Stöckl er godt nøgd med den norske laginnsatsen.

– Det var solid hopping, og Fannemel gjorde ein fantastisk jobb og fekk ein vel fortent 2. plass, seier Stöckl.