Hopp til innhold

Får så mykje fanpost at pappa må vere sekretær - men no er han tom for fankort

Nesten dagleg dumpar det ned fanpost på gamleadressa til Ann Kristin Aafedt Flatland på Vangsnes. Så stor er interessa at pappa Halvor Flatland no er tom for fankort.

Ann Kristin og Halvor

BUNKEVIS: Fanposten til Ann Kristin Aafedt Flatland hamnar også på gamleadressa hennar på Vangsnes. Det gir sekretærarbeid til pappa Halvor Flatland.

Foto: Stian Lysberg Solum/privat / NRK/Innovasjon Norge

– Det er tydeleg at desse norske vintersportsutøvarane som er ute og representerer Norge, mange av dei vert populære i utlandet, seier Halvor Flatland.

Faren til skiskytaren Ann Kristin Aafedt Flatland har nok å hengje fingrane i, for fanposten til dottera vil ingen ende ta. Avbrekket etter fødselen av vesle Anne har ikkje fått populariteten til den blide vikjajenta til å falle, heller tvert om. Vintersportsutøvarar er i vinden som aldri før.

– Eg merkar det på all fanposten som kjem heim til adressa hennar på Vangsnes der dei ønskjer å få signerte fankort av henne, seier Flatland.

Populært nedover i Europa

Og når pappa Flatland opnar postkassen, så finn han brev frå mange land.

– Vi får spesielt mykje post frå Tyskland. Men også frå Austerrike, Italia og ein god del frå Russland. Eg skal ikkje seie det kjem post kvar dag, men det er ikkje langt unna, seier Flatland.

Han har fått litt sekretærarbeid frå dottera, som bur i Ålgård i Rogaland, og slikt tek tid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Glade jenter

FØRSTE VM-GULL: Ann Kristin Aafedt Flatland fekk sitt første VM-gull då kvinnene sikra Norge stafettgull i skiskyting i Nove Mesto i februar.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix

– Eg sit i seine kveldstimar og postlegg og ordnar med dette, seier Flatland.

Så stor pågang har det vorte at pappa Flatland har gått tom for signerte fankort av dottera.

– Eg har sagt til Ann Kristin at no må eg ha påfyll på lageret, slik at eg får ut meir av desse korta som dei ulike fanklubbane rundt omkring har lyst på, seier Flatland og ler.

Også populær på nettsida

Han fortel at dei fleste av skiskyttarjentene opplever same popularitet når det gjeld fankort som Ann Kristin.

– Det er nok ganske gjengs for dei som representerer Norge både i langrenn og skiskyting i verdscup og internasjonalt. Interessa internasjonalt er enorm, seier Flatland.

At Ann Kristin er populær blant fansen kjem også tydeleg til syne på heimesida til idrettsutøvaren. I gjesteboka på nettsida hennar haglar det med helsingar frå heile verda, seinast i går hadde nokon lagt inn melding.