Hopp til innhold

Papegøyefuglen «Tøffen» er på rømmen

Fuglen forsvann ut vindauget i Balestrand før Erika Diaz rakk å stoppe ho. Det angrar den truleg på no etter mange timar i kulden.

fugl på rømmen i Balestrand

PÅ VIFT: «Tøffen/Pip pip» som fuglen heiter har vore vekke i fleire timar.

Foto: Privat

Den vesle papegøyefuglen som både går under namnet «Tøffen», men også kallenamnet «Pip pip», likar eigentleg ikkje å vere ute. Men det halvopne vindauget vart i kveld litt for freistande.

Heime i Kong Beles veg i Balestrand sit ei uroa eigar og dei to borna hennar.

– Vi hadde eitt vindauge litt ope. Ho har aldri pleidd å fly ut, ho hatar å vere ute, men plutseleg i dag bestemte ho seg for å ta seg ein flytur, fortel Erika Diaz.

Ber om hjelp frå andre

Den eitt år gamle fuglen er av typen nymfeparakitt med perla fjørdrakt. Den stammar frå tørre landskap i Australia, og er dermed ikkje eigna til å vere lenge ute på den norske vinteren.

– Desse fuglane er ikkje skapt for å vere ute i slikt vêr i det heile. Ho har vore inne hos meg heile tida. Dei kan venne seg til å vere ute på denne tida, men det tek lang tid, seier Diaz.

Erika Diaz med dottera si og fuglen på rømmen

FAMILIEMEDLEM: Papegøyefuglen er på eitt år blitt ein del av familien til Erika Diaz, her med dottera hennar.

Foto: Privat

I eit desperat forsøk på å finne det nebbete familiemedlemmet, oppdaterte Diaz statusen på Facebook-sida si der ho ber om hjelp til å finne ho.

– Eg har prøvd å gå litt rundt og sjå etter ho. Og då har eg faktisk høyrt at ho flyr forbi huset av og til. Eg har ein til fugl her heime som bråkar litt og prøvar å finne ho med det, men det hjelper ikkje så mykje, fortel ho.

Redd ho frys i hel

Men no er det fleire timar sidan ho har høyrt den spesielle, høge og skarpe lyden fuglearten lagar. Dermed kan den ha teke turen langt vekk frå heimen, sjølv om Diaz har sørga for at ho kan fly inn igjen i huset.

– Eg har to vindauge opne, og prøvar å halde den andre fuglen på badet så den ikkje flyr ut, seier ho.

No håpar ho berre at nokon ser fuglen før natta kjem.

– Det kan bli kuldegrader i natt, så eg er veldig redd for at ho frys i hel eller at eit dyr tek ho. Eg prøvar å få alle som kan hjelpe meg til å sjå oppi trea og andre plassar ho kan ha gøymt seg for å finne varme.

Men om nokon finn ho bør ein ikkje vere for direkte med fuglen, rår Diaz.

– Ho er veldig sjenert når det gjeld andre personar, så om nokon ser ho må dei sende melding så eg kan komme. I tillegg ser ho ikkje så godt i mørket, så ho går mest sannsynleg etter huslys for å finne ein plass for natta, så om folk kunne sjekka rundt husa sine hadde det vore flott.